Det var prøveår i 2017 med 9 stafettlag med 10 løpere per lag. 1. mai 2018 var det 24 lag som fullførte av 25 påmelde, eitt lag møtte ikkje til start. 

Her var det ganske profesjonalisert. Startnummerutdeling med 10 nr. merka med lagnummer og etappenummer. Kvar etappe var nøye omtala på kart på internett,og låg også i posene med startnummer. Og like viktig - staden for veksling var tydeleg merka. 

Store delar av løypa går på grusveg. Alle dei fire etappane i Ølen, og langetappen på på 1. 7 km i Etne. Så er det mest asfalt dei siste fem.

10/11 varmegradar og lite vind, ga veldig gode løpeforhold. 

Nytt i 2018: Målgang inne i Skakkesenteret i Etne. Her var det premieutdeling. God speaker, men elendig lyd på høgtalaranlegget. Kaféen oppe i senteret var open, så her var det råd for ein drøs og ein matbit. 

Det er sjølvsagt ikkje av så stor interesse reint idrettsleg å snakka om vinnarlag som i ein ordinær friidrettsstafett, for her kunne bedrifter av ulike slag hanka inn gode løparar som i utgangspunktet ikkje hadde så mykje med bedriften å gjera. Kravet var minimum tre løparar som kunne gjennomføra dei ti etappane. For Kondis så det ut til at dei aller fleste laga stilte med fullt lag, ti løparar. 

Men felles for alle såg ut til å vera idrettsglede. Og mange tidlegare mosjonsløparar vart "pussa støvet av", og me høyrde kommentarar om a no skal me byrja å trena att. Då er ein vesentleg faktor oppnådd, sett frå Kondis sin synstad. 

Men å samla heile 24 lag til ein stafett på 10 etappar over 12.3 km med tunge oppoverbakkar, og bratte nedoverbakkar, er godt gjort. Den nylaga stien på ein gamal restaurert postveg, innbyr til tur og trening. I tillegg til stafetten var det og rundt 50 som stilte i turmarsjen som starta før stafetten.

To lag stilte to stafettlag: Omega som er ein storbedrift i Ølnsvåg, og IF Klypetussen.

Arrangørar er: Etne Turlag, Vindafjord Turlag, Etne Røde Kors og Medvind24.

Veksling_en_har_tatt_ut_alt_640_1P1340640.jpg
Tøff løype: Fikse Næringsforening gjorde ein god stafett. Her frå 4. veksling. Det er solid stigning opp til toppen av Fikse, og me ser i alle høve ein løper har tatt ut alt.
(Foto: Medvind24)


Video fra årets stafett
 

Resultater fra stafetten Over Fikse - 12,3 km
Fra Ølen til Etne 1. mai 2018

 Lag tid
  1. Berge Sag  43.54
  2. Omega 3 44.45
  3. Team Roatoppen  44.50
  4. Småfolk Barnehage 46.31
  5. Rødal IL 47.28
  6. Omega 47.30
  7. Kathrines Fitness Farm  48.15
  8. Autostore 49.02
  9. Hestanipen Opp 49.03
10. Sørstranda Grendelag 49.34
11. Fikse Næringsutvikling 50.23
12. Medvind24 Næringshage 51.40
13. Fus barnehage  51.42
14. Lundeneset VGS 53.20
15. IF Klypetussen I 54.04
16. Vindafjord kommune 54.54
17. Helgevold Elektro 55.17
18. Enge skule 55.36
19. Sandeid Fengsel 56.21
20. Ølen Betong  57.27
21. Ølen IL Veteran 59.44
22. Dei kulaste jentene i Vindafjord 60.04
23. Etne senter 62.01
24. IF Klypetussen II 66.08



Grønt_lag_veksler_640_1P1340650.jpg
Like drakter lettar vekslingane der det er tett i vekslingsfeltet, men her er det lett uansett.

Lag10_8-9_veksling_640_P1340716.jpg
Dette er ingen "tulle-stafett". Me ser her eit konsentrert lag frå Småfolk Barnehage ,med tanke på å gjera sitt aller beste. Og det vart ein flott 4. plass på desse sprekingane.

Lag_nr12_alle10_640_1P1340798.jpg
Berge Sag har spreke medarbeidarar. Nr 12,3 ikkje ukjende Matias Berge, arrangør av Roatoppen Opp. Dei vannn heile stafetten, og forbetra løyperekorden frå i fjor. Avslutninga i fjor og i år var litt endra, så direkte samanlikning er vanskeleg. 

Unge_jenter_hele_laget_6401P1340802.jpg
"Dei kulaste jentene i Vindafjord, Ølen IL 12 år." Eit lag med berre pur unge jenter i 12 årsklassen lovar godt for framtida til stafetten, og andre løp i distriktet. 


Over Fikse Logo
Enkel merkevarebyggande logo for tilskipinga.