Velledalen IL, langrenn og friidrett har sendt kondis følgende informasjon.

Delta i den 7. utgåva av TOMAS-løpet søndag 24. juni! For dei tøffaste, dei som har lyst å teste forma og tida, går starten kl. 13.00

frå Bunnpris og vidare oppover i Einane byggefelt, før turen stig opp sætrevegen mot Bruna. Distanse 3,1km med høgdestiging på 370 meter.

PRISAR: kr 50,- opp til 16 år. Dei som er eldre betaler kr 100,-

Gåvepremie til beste jente og beste gut, samt beste dame- og herreløpar.

For dei som har lyst på ein fin søndagstur i roleg tempo og som ser oppgåva som heiagjeng for dei som piner seg litt meir, er starten fleksibel. Ein kan melde seg på ved snuplassen øvst i Einane frå kl. 12 – 12.45 eller ved grindaløa oppe på Bruna frå kl. 12 og utover.

Kr 25,- for dei under 16 år og kr 50 for dei som er eldre.

Fine premiar vert uttrekte på startnummera.

Drikkestasjon undervegs i løypa.

Trimdelen (utan tidtaking):

Påmelding på snuplassen i Einane Byggefelt eller i Grindaløa oppe på Bruna frå kl. 12.00

Pris: kr 25,- (b.) / kr 50,- (v.)  Fine uttrekspremiar blant deltakarane.

Vi oppmodar ALLE turgåarar til å støtte opp om arrangementet og

heidre minnet til Tomas Tandstad.

Konkurransedelen (med tidtaking):

Fellestart ved Bunnpris Straumgjerde kl. 13.00

Distanse:                  3,1 km med høgdestiging på 370 m

Påmelding:               Til  mosbyani@hotmail.com eller per telefon til 98823498 (Anita) eller

                                   ved start frå kl. 12.00

Startkontingent:       kr 50,- for born fødde 2002-2007 / kr 100,- vaksne

Klasseinndelingar:  Jente-/Dameklasse og Gut-/Herreklasse

Premiering:              Premie til beste dameløpar og beste herreløpar.

                                   I tillegg uttrekkspremiar til deltakarane

Drikkestasjon undervegs

Bagasjetransport til målområdet

Speakerteneste i målområdet

Mer info på hjemmesiden til Velledalen IL