NY TOPPTUR TIL MEFJELLET

Søndag 25. juli vert det fjerde offisielle Mefjellet Opp arrangert. Løpet starta på formiddagen og går frå kaia i Fjørå i Norddal kommune til toppen av Mefjellet 1100 meter over havet. Trasèen følgjer både bygdevegen og gamlevegen opp til Hauge, deretter sætervegen til Nysætra og til sist stien til toppen av Mefjellet. Dette vert ein distanse på 7 km. Etter målgang kan deltakarane nyte ein fantastisk utsikt både over fjord og fjell og dalar. Deltakarane tidlegare år har gjeve mange positive tilbakemeldingar på løypa. Den er variert og krevjande både når det gjeld underlag og terreng.

Løypekorden til Hans Martin Gjedrem, Valldal, frå 2008 er på 46,03 min. Brynhild Synstnes, Åndalsnes, har rekorden i dameklassa på 56,36 min. Kanskje rekordane står for fall i år?

Det er klasser både for konkurranseløparar på tid, samt mosjonsklasse utan tidtaking. Konkurranseløparane må bere sekk på minst 2,5 kg som må innehalde m.a. klede. Mosjonsklassa kan velje å starte frå Hauge som kortar ned løypa til 4 km. Alle deltakarar får medalje på toppen. I mosjonsklassa er det uttrekkspremiar. Konkurranseklassene er delt inn i årsklasser med premiar til beste tredjedel i kvar klasse. I tillegg er det pengepremiar til dei tre raskaste damene og herrane og det er ekstrapremie for løyperekord. Premieutdeling er i Valldal sentrum.

Mosjonsklassa kan melde seg på ved start. For konkurranseklassene er det førehandspåmelding, men det kan vere mogeleg å melde seg på fram til ein time før start. Det er meir informasjon på løpet si heimeside, www.mefjelletopp.no.

Arrangør er Valldal IL som håper på at opp mot 150 deltakarar vil finne vegen til Mefjellet søndag 25. juli

Sjå reportasje frå  Mefjellet Opp 2009

Gå inn på  heimesida  til Mefjellet Opp