Storehaugen Opp blir arrangert for tolvte gong Kristi himmelfartsdag 26. mai. Løpet er på 3,7 km og har ein stigning på nær 25 %. Starten går frå sjukehusvegen i Lærdal,  7 meter over havet til mål på Storehaugen 908 meter over havet. Løpet går 300 meter etter veg før det svingar opp på god sti til målgang på Storehaugen. Etter to år med coronatilpasningar, gledar Friidrettsgruppa i Lærdal IL seg til å arrangere motbakkeløpet på normalt vis. 

Påmeldinga er godt i gang! Ordinær påmeldingsfrist er 24. mai kl 23:59, men det er høve til etterpåmelding inntil 1 time før start. 

loype.jpgLøypekart Storehaugen Opp

Mange vinnarar frå tidlegare år har allereie meldt seg på, deriblant Stian Angermund, Øyvind Heiberg Sundby og Geir Steig . Desse er godt kjent med løypa. Me har og notert fleire andre sterke navn på påmeldinga som Hilde Aders og Joel Dyrhovden. Me håpar på fleire.

Stian Angermund har vunne tre gonger tidlegare, han har løyperekorden på 30:18 minutt og skreiv i ei melding:
- Storehaugen Opp er ett av de aller fineste motbakkeløpene jeg deltar i. Det blir en glede å komme tilbake til nydelige Lærdal og gi alt opp den tøffe løypen opp til Storehaugen.

Arrangøren håpar mange vil ta turen til Storehaugen Opp 26.mai.

Det er god premiering i konkurranseklassa  og deltakarpremie i form av  t-skjorte til alle. Det er og premie for løyperekord. 

Mosjonistane utan tidtaking kan gå mellom 9.30 og 12.


storehaugen-opp-02.jpgStorehaugen Opp (Foto: Arrangøren)

storehaugen-opp-01.jpgNydelig utsikt for deltakerne. (Foto: Arrangøren)

erland-eldrup-2018.jpg
Vinner av løpet i herreklassen 2018, Erland Eldrup. (Foto: Arrangør)
 

Meir info om løpet og påmelding
Gå inn på heimesida storehaugenopp.com
Storehaugen Opp på Facebook

Storehaugen Opp på Kondis.no
Strålande jubileumsløp opp Storehaugen

 

Kondis trenger din støtte
Bli medlem eller støtt oss med en gave hvis du ønsker at Kondis skal fortsette å spre treningsglede, skrive reportasjer, lage terminlister, kontrollmåle løyper, føre statistikker osv. På grunn av koronakrisen har store deler av annonseinntektene våre falt bort, og vi er i enda større grad avhengig av medlemskap og støtte fra våre lesere.

Bli medlem og få mange medlemsfordeler!

Gi en gave:
Vårt kontonummer er: 1503.35.18541
Vipps: 125957