Adidas Skåla 1848m rett opp blir Grand Prix løp 15. aug. 2009 | ||||
| ||||
Det er World Mountain Running Association som tildeler Grand Prix status til sju motbakkeløp i verda kvart år. Samanlagtvinnar for damer og herrar med fem teljande av sju løp blir årets Grand Prix vinnar. Dette er ein tittel som heng svært høgt blant internasjonale motbakkeløparar. For sesongen 2009 er Østerrike tildelt tre Grand Prix løp, Slovenia to løp, Frankrike eit løp og for første gong i historia er Norge ved Adidas Skåla Opp med i det gode selskap. Det betyr at verdas aller beste dame- og herremotbakkeløparar vil vere samla i Loen i midten av august neste år for å kjempe om verdifulle Grand Prix poeng. Arrangøren av Norges tøffaste motbakkeløp presiserer at sjølv om Adidas Skåla Opp no er blitt Grand Prix løp, vil Skåla Opp vere som før, det vil seie eit motbakkeløp for ALLE. Trimklassa startar om morgonen frå kl. 07.30 og konkurranseklassa som er open for alle som vil gå på tid har fellesstart kl 10.00. Etter store utbetringar av Skålastien i haust med bygging av nye steintrapper i 400 meters lengde frå Skålavatnet (1100 moh) i retning Skaret (1300 moh) forventar arrangøren neste år ei markant forbetring av løpstidene i Nord Europas tøffaste motbakkeløp. Påmeldinga til neste års Adidas Skåla Opp er allereie opna:-) Terminliste for "WMRA Grand Prix 2009" 21. Mai: La Montée du Grand Ballon , Willer sur Thur/Goldbach, Frankrike 26. Juli: 12th Grintovec international Mountain race, Kamnik, Slovenia 2. August: 1st Mayrhofen Harakiri Run. Mayrhofen, Østerrike 9. August: 14th International Sport 2000 Feuerkogel Berglauf Ebensee, Østerrike 15.August: 8th Adidas Skaala Uphill, Loen (Stryn), Norge 26.September 13th Raiffeisen Schneeberglauf, Puchberg am Schneeberg, Østerrike 3. Oktober: 30th Smarna Gora International mountain race, Ljubljana Slovenia Meir info: www.skaala.no og om WMRA Grand Prix på www.wmra.info For evt. kommentarar kontakt løpsleiar Erik Brendefur. Tel. 57 87 50 00 (34) el. Mob. 90 99 99 97 Her kan du sjå kondis.no-reportasjane frå Skåla 1848m rett opp i år: 2008a , 2008b |
Adidas Skåla 1848m rett opp blir Grand Prix løp 15. aug. 2009
Siste medlemssaker
Annonse