EM var lagt inn High Trail Vanoise i Val-d'Isère, og Lars Olaf Haaheim var nummer ni i mål. I tillegg til sju europearar hadde han òg ein kar frå Peru framføre seg.

Lars Olaf brukte 9.33.06 på dei 70 kilometrane med 5400 høgdemeter opp og ned. Fram til vinnaren, spanske Luis Alberto Hernando, var det 1 time og 16 minutt. Samstundes var Varegg-løparen 13 minutt framføre beste dame, Megan Kimmel, som nettopp vann Mont Blanc Marathon. Sia Kimmel er frå USA, vart det nederlandske Ragna Debats som vann EM framøre svenske Mimmi Kotka, som på si side vann 80 kilometeren i Mont Blanc Marathon 23. juni. 

43 år gamle Haaheim var godt budd, og ifølge NRK gjorde han unna 29 000 høgdemeter på trening berre i løpet av dei tre første vekene i mai. På Strava-rankinga ligg han på fjerdeplass på den globale lista der det handlar om å samle flest høgdemeter. 

Det fekk han god bruk for da han skulle heilt opp på 3653 moh i High Trail Vanoise. 

– Løypa var veldig variert, med mykje opp og ned. Det er utan tvil det tøffaste, men og vakraste løpet eg har vore med på, uttala Haaheim til NRK etter løpet. 

– For meg er det ikkje eit alternativ å stoppe eller gje seg, men det er sjølvsagt veldig tøft. Men den vakre naturen motiverer meg mykje, heldt han fram. 

I alt fullførte 149 løparar langløypa på 70 km. I tillegg var det fleire kortare alternativ utan norske deltakarar. 

Ragna_Debats_iancorlesscom _HTV_2017.jpg
Det er mogleg å springe fort i fjella sjølv om ein kjem frå flate Nederland. Ragna Debats vann EM sjølv om ho måtte sjå amerikanske Megan Kimmel framføre seg i mål. (Foto: Skyrunner World Series)
 

  Menn            
1 HERNANDO Luis Alberto Adidas ESP V1 08:17:05 00:00:00
2 DUNAND-PALLAZ Aurélien Scarpa/Compressport FRA SE 08:31:04 00:13:59
3 MITYAEV Dmitry Adidas/Trail running RUS SE 08:43:10 00:26:05
4 JONSSON Andre Sportsgym SWE SE 08:57:38 00:40:33
5 HUAMAN Remigio   PER SE 09:06:21 00:49:16
6 MARTIN Nicolas Hoka FRA SE 09:07:24 00:50:19
7 SOLÉ Franscesco matxacuca ESP SE 09:13:51 00:56:46
8 BEAUXIS Guillaume Hoka FRA SE 09:15:45 00:58:40
9 HAAHEIM Lars Olaf Varegg NOR V1 09:33:06 01:16:01
10 CAUSIDIS Marek Czech Skyrunning CZE SE 09:44:39 01:27:34
               
  Kvinner            
1 KIMMEL Megan Salomon USA SE 09:46:05 01:29:00
2 DEBATS Ragna   NED SE 09:52:10 01:35:05
3 KOTKA Mimmi Salomon SWE SE 10:30:21 02:13:16
4 ALLEN Hillary The north face USA SE 10:33:52 02:16:47
5 MERTOVA Michaela Czech Skyrunning CZE V1 10:44:30 02:27:25
6 MOREDA Eva Maria Inverse ESP SE 11:09:15 02:52:10
7 CANEPA Francesca   ITA V1 11:31:45 03:14:40
8 WERMESCHER Ildiko Mammut HUN V2 11:38:54 03:21:49
9 ARENAS Gemma Dynafit ESP SE 11:50:11 03:33:06
10 FORI Katia Team Italy ITA V1 11:52:32 03:35:27



Alle resultat

Hernando_iancorlesscom_HTV_2017.jpg
Luis Alberto Hernando frå Spania er vunni det meste han har stilt opp i denne sesongen, og no var han først i mål i High Trail Vanoise i Val d'Isere. (Foto: Skyrunner World Series)