Med opphaldsver og litt medvind mot slutten innover Åkrafjorden, så var det forhold for å oppnå gode tider. Etter 3 km, på det høgste punktet i løypa, kalla "Bergprisen", vart det teki offisielle mellomtider. Ingrid Kristiansen heldt føredrag for næringslivet i Skånevik på fredagen og kurs i stavgang for vel 50 frammøtte i Skånevik Idrettshall fredagskvelden. Laurdagen stilte ho sporty opp og fullførte løpet i fin stil. Løpardronninga kom på fjerdeplass mindre enn to minutt bak Miriam Berg Hovda. Resultata |
||||
Avslappa stemning før start | ||||
|
||||
Bergprisen - etter 3 km | ||||
|
||||
Ingrid Kristiansen helsar publikum | ||||
|
||||
Dei to beste i kvinneklassen | ||||
|
||||
Dei beste i herreklassen | ||||
|
Berg og Berg Hovda best langs Åkrafjorden
Miriam Berg Hovda og Wiktor Berg var dei to raskaste i Langs Åkrafjorden som vart arrangert laurdag 15. mai. 55 sprang på tid, og mest 300 gjekk eller sykla gjennom den 11 km lange løypa som går frå Tjelmeland til Åkrafjordtunet på Teigland.
Artikkelen fortsetter under annonsen