Det finst ikkje så mange idrettskonkurransar der ein kan velje mellom fleire ulike idrettsgreiner, men her er Bergsdalen Opp unntaket. Her kan du nemleg velje om du vil springe, sykle eller gå på rulleski opp Bergsdalen ovanfor Dale. Poenget er å klare å komme seg opp den bratte og svingete dalen på kortast mogleg tid, med målgang ved demninga på toppen. 

Dale ligg ein times køyretur frå Bergen. Der går også tog.

Det er Bergsdalen UL, Voss Syklelubb og Dale IL som i år for 12. gong arrangerer BERGSDALEN OPP, eit motbakkerenn, -ritt og -løp. Rittet går på sykkel, rennet på rulleski og løp på beina. 

Distansen er frå Dale til Storefossen, ca 4 km med jamn 10% stigning på asfaltert veg.

Les mer om Bergsdalen Opp på arrangørens sider.

Start og premieutdeling etter løpet foregår på Dale

Arrangementdagen minutt for minutt

Fredag 6. Juni

1800: Frist for påmelding dersom du vil vera med i loddtrekking av premiar. Det er mulig å hente startnummer fram til kl 1900
1900: Stenging for henting av startnummer på rennkontoret.

2400: Deltakaravgifta vert auka til 350 for alle unntatt Trim- og Turklassen.

Lørdag 7. Juni

0000: Trim- og Turklassen kan starta når dei ynskjer det. Ved start før kl 0900 må startnummert hentast fredag kl 19. 
0900: Rennkontoret opnar. Rennkontoret er i Turbinen fleirbrukshall (kart)
0930: Tidlegast innlevering av startnummer i målområdet for Tur og Trimklassen.
1030: Etterpåmelding stenger.

1115: Frist henting startnummer
1125: Sekkebilen startar.
1130: Start Løp 
1140: Start rulleski klassisk og fristil
1200: Start Sykkel
1300: Frist for maksimaltid alle greiner og Turklasse.
1330: Premieutdeling.

Her kan du sjå løyperekordane

Sjå Kondisreportasje frå Bergsdalen Opp i 2022:

Ådne Holter_300.jpg

Uno-X-rytter slo uslåelig løyperekord i Bergsdalen Opp