Rapport frå 87 år gamle Sverre Thune:
Me avslutta årets tur-o-sesong med å ta postane på austsida av vegen til Buttentjern. Eit kronglete terreng å ta seg fram i. Månadens post var eit skjerp – ein liten v på kartet. Kva er det for noko? Store norske leksikon forklarar:
”Eit skjerp er et sted det er gravd eller sprengt for å finne malm. Dersom man finner noe som kan være drivverdig blir det gjerne ei gruve eller et stoll på stedet, og er det ikke drivverdige funn, blir skjerpet forlatt.”
Eit lite skjerp er ikkje lett å finne i eit uoversiktleg terreng. Etter å ha leita vel og lenge utan resultat bestemte me oss for å finne ein stein lenger oppe i lia. Den skulle vera grei, ikkje langt frå nokre vassdammar. Men no er det ikkje vatn i dammane. Etter mykje strev fann me denne posten, og sette kursen mot eit bekkekne, nede i ein djup dal. Slett ikkje terreng for folk på 80++!
Bekkene er heller ikkje som før: Det renn ikkje vatn i dei! Så kva er bekk, og kva er berre eit djupt far i skogen? Me fann bekkekneet og kom oss greitt til to postar på nokre fine furkollar lenger nede i lia. Me måtte sjølvsagt skjerpe oss og gjera ein ny freistnad på å finne skjerpet – månadens post!
To skjerp var det i dette området. Skal tru kva dei leita etter? Når vart det leita? Og kven var det som leita? Me fann skjerp nummer eitt og tok kompasskursen til skjerp nummer to, fann det og skreiv oss opp i boka. No ventar me berre på premien! Drivverdige var nok ikkje desse to skjerpa oppe i åsen ovanfor Eggemoen. Det var berre to små hol i bakken.
I år har det vore ein utfordring at Ringerike o-lag har funne på å leggja tur-o-postar heilt inne ved Løvlia. Då måtte me gå frå Damtjern og innover lange myrar. Fekk friska oppatt minner frå fine skiturar i ”gamle dagar”, frå Ringkollen til Løvlia. Endå myrene var turre no, var dei sanneleg tunge nok å gå i.
På grunn av skogbrannfaren vart vegen til Jaklangen stengt. Så då måtte me finne ein annan veg. Ein sti frå Hjellebråtan forbi det idylliske Abortjern førde oss beint på LF- post nummer 52.
Kan de ikkje berre gå ein tur i nabolaget, får me høyra. Men med kart over Vik/Svendsrudmoen, Åsa, Prestmoen, Hovsmarka, Eggemoen, Løvlia-Damtjern, Hagasetra-Kvitmyråsen og Valdersstømoen vart me betre kjent i Ringerike. Bra er det visstnok og å ta seg fram i ulendt terreng. Og ein lærer seg å bruke kart og kompass, og bruke tankane for å finne gode vegval. Litt utfordring og spenning i kvardagen er heller ikkje å forakte. Soleis kan ein skjerpe seg - både fysisk og psykisk - så lenge det varer!
Stor takk til LF Hønefoss og Ringerike O-lag for at de atter ein gong har fått lokka oss ut på ukjende stier!
Turorientering er for folk i alle aldrar. Her viser Maria bestefar Sverre korleis han skal klyppe i kortet. (Foto: Erlend Thune)

Berre eit lite skjerp - om gleda med turorientering
Vi køyrde innetter den nybygde «autostradaen» på Eggemoen for å ta månadens post ovanfor Marigård. Den flotte vegen kuttar fine turstier og har høge grussrygger på sidene og kan vera vanskeleg nok å koma over dersom ein skal ut i terrenget. Og det må ein o-løper av og til!
Siste medlemssaker
Annonse