Årets andre MX SPORT OSTERØYTREAREN går av stabelen måndag 27. september på Osterøy Stadion. Osterøy IL håpar på å få minst 100 deltakarar på 3000m.

Med MX SportOsterøytrearen har me funne eit konsept som passar svært godt for løparar på alle nivå. Me inviterer trimmarar, supermosjonistar, konkurranseløparar, fotballspelarar, handballspelarar, skiløparar, turnarar, skuleelevar, bedriftstrimmarar – kort sagt ALLE til å testa seg på den klassiske 3000 meteren.

Osterøy IL følgjer opp suksessen frå tidlegare utgåver av Osterøytrearen med nivådelte heat og 2-3 fartshaldarar i kvart heat. Variasjonen i nivå er gjerne frå NM-deltakarar til dei som brukar rundt 20 minutt. Fartshaldarane er ei god blanding av toppløparane i klubben og veteranløparar av høg klasse.

Dette er eit lågterskeltilbod der kvart heat har rundt 15 deltakarar. Det er difor viktig å oppgje tida du ønskjer å springa på ved påmelding. Påmeldingsfristen er søndag 26. september klokka 23.59. Nøyaktig tidsskjema og heatfordeling blir offentleggjort tidleg løpsdagen, men barneløpet (1 km) startar klokka 18.15, og deretter går det slag i slag med det beste heatet til slutt.

Det er ikkje berre «proffane» som kan springa på kunstdekket. Ta turen til Osterøy! Arrangøren lovar ein folkefest med mykje heiing og meistringskjensle.

Lenker til info og påmelding:
http://www.osteroyil.no/?mapping=103

https://www.facebook.com/events/1032812777259561

Se Kondis-reportasje fra løpet i fjor:

3J6A1425.jpg

Populær Osterøytrear med harer på alle 7 heatene

Baneløp med harer på den nylig rehabiliterte Osterøy Stadion samlet løpere fra mosjonister til elite.

 

Kondis trenger din støtte
Bli medlem eller støtt oss med en gave hvis du ønsker at Kondis skal fortsette å spre treningsglede, skrive reportasjer, lage terminlister, kontrollmåle løyper, føre statistikker osv. På grunn av koronakrisen har store deler av annonseinntektene våre falt bort, og vi er i enda større grad avhengig av medlemskap og støtte fra våre lesere.

Bli medlem og få mange medlemsfordeler!

Gi en gave:
Vårt kontonummer er: 1503.35.18541
Vipps: 125957