Laurdag 10. oktober klokka 13 smell startskotet for Bjarte Viks Eliteløp på Osterøy, nordaust for Bergen - i det arrangørane kallar "landets vakraste asfaltløype". Her er alle deltakarane definert som eliteløparar, uansett om ein spring på 3 eller 6 minutt pr. kilometer.

- Bjarte Viks Eliteløp vil vera ei fin gjennomkjøring for dei som skal springa NM terrengløp i Oslo helga etter. I tillegg er det mange lokale mosjonistar som tek løpet som ein formtest helga før Brakvatnet halvmaraton 17. oktober, skriv arrangørane i Osterøy IL og Bruvik IL i ei pressemelding.     

Med sine rundt 50 deltakarar kan nok arrangementet med rette karakteriserast som eit (e)lite løp. Som så mange andre mindre arrangement, er dette eit løp med sjel. Trass i eliteløpsnamnet vågar arrangørane påstanden om at dette er eit inkluderande løp og ikkje ekskluderande.
- I dette løpet er alle som kan springa eller jogga 5 km definert som eliteløparar. Opplev den ekstra løpsgleda ved å vera ein eliteløpar, oppmodar arrangørane.

Eliteløpet er eit unikt løpsarrangement. Dette er 17. gong løpet går av stabelen. Det heile starta i høve 30-årsdagen til Bjarte Vik i 1999. Som mangeårig nasjonal toppløpar, samla han mange av sine langdistansekollegaer til 30-årsmarkering og til "Bjarte Viks Eliteløp". Seinare har tradisjonen vorte halde ved like heile tida, og dette løpet er ei stor hending i Bruvik-bygda kvar haust. Alle deltakarar får like høglydt heiing av bygdefolket i innspurten ned mot målseglet ved Nærbutikken Bruvik  - uansett om ein sprintar under 15 minutt eller bikkar over halvtimen i løpstid.

Den superraske 5 km-løypa går på smal og svingete asfaltveg langs idylliske Sørfjorden. Vegen har vore stengt av ras tidlegare i haust.
- Me kan ikkje gjera anna enn å oppfordra deltakarane om å springa ekstra fort forbi rasstaden, slår arrangøren fast.
Løpet er målt til 5046 meter, men det finst ingen planar om å kutta 46 meter av den grunn.  
- Løypa er verneverdig. Starten går frå hjørnet av ein nedlagt butikkfilial på Skaftå, og målseglet er bokstaveleg talt festa til nærbutikken på Bruvik. Til liks med eliteløpet held nærbutikken framleis stand, til stor nytte og glede for bygde- og hyttefolk i denne vakre bygda ved Sørfjorden.  
 

Arrangørane vågar påstanden at dette er mellom dei finaste asfalt-traséane i landet. Truleg er det også landets raskaste 5 km. Løypa har for stort fall til å bli godkjent i rekordbøkene, men dei fleste set pris på dei gode tidene. Løyperekordane er det Morten Velde (14.11) og Stine Larsen (15.41) som har. Det er pengepremiar til dei tre beste kvinner og menn. Dei aller yngste kan delta på det tradisjonelle og uhøgtidlege barneløpet som går i rundar rundt butikken.

Etter barneløpet deler Bruvik IL ut premiar og kårar Årets fjellgeit i Bruviktrimmen 2015. Kaffi og kaker er sjølvsagt også til sals.

Meir informasjon kan ein få på Osterøy IL si heimeside