Arrangøren Etne IL* reklamerte med lett kupert løype. Underteikna har sprunge over 20 Osnes Rundt, og meiner løypa er sterkt kupert. Opp og ned, og krappe svingar alle dei 8.5 km. Resultata må sjåast i lys av det. 

Nytt flott løp og seier av David Øren
Etter kjempeløp av unge David Øren i fjor då han vart nummer to i det vesle feltet, fortsette han med framgang i år. No i klasse 12 - 13 år. 41 sekund kutta den unge fotballspelaren av på persen sin. I fjor fortalte David Øren til Kondis at han trente løping stort sett éin gong i veka; men fotball trena/spela han kvar dag. Litt Therese Johaug her, altså. 

Deltakartalet auka litt i hovudløpet
Heller ikkje i år var det veldig mange med i hovudløpet, men det var i alle høve auke med seks fullførande. Og all framgong er som kjent på pluss-sida. Det ligg i ordet. Etne IL hadde lagt seg i sela og fått verdsmeister Hanne Haugland - for dei yngste kjend frå Mesternes Mester - til å promotera Osnes Rundt med eit Mesternes Mester-opplegg for dei yngre. Og i tillegg hadde løpet fått innpass i Etnemarknaden med over 15000 besøkande fordelt på tre dagar. Men ikkje éin vaksen dame- eller herreløpar frå arrangørklubben!

Dei hadde fortent litt betre respons - spesielt frå sine eigne -  i det 34. Osnes Rundt. Men litt framgong bidrar vel til at dei arrangerer det 35. Osnes Rundt i 2020.

Ellinor Austrheim ein god løpar
Ellinor Austrheim, var einaste jente som stilte opp. Ho er frå Vikedal i Vindafjord kommune, men spring for Haugesund IL. Men om ho var einaste, så sprang ho likevel eit godt gjennomført Osnes Rundt. Og Kondis er alltid parat til å bakka opp dei som deltek - og støttar opp om løp i sitt nærområdet. 

Kjetil Eidhammer er tilbake!
Kjetil var ein veldig god løpar i yngre dagar. Langt framme i sin klasse i Hordaland.  For underskrivne var det ukjend at han hadde gjort "come back". Litt undersøking viste 1.23 på halvmaraton i år. Det er ikkje kven som helst som spring så fort i klasse 45 - 49. Det var overraskande og veldig gledeleg!
 

*Etne kommune ligg i Sunnhordland og grenser til Odda i aust, til Sauda i fjellet i sør, Vindafjord kommune i vest, og Kvinnherad i fjorden i nord. 
E-134 går gjennom kommunen. 


Resultater Osnes Rundt, Etne - søndag 4. august 2019

Plass kjønn St. nr. Fornavn Etternavn Kjønn Klubb Klasse Tid
1 4 Ellinor Austrheim F Haugesund Idrettslag K20-22 35:11
               
1 5 David Øren M Etne IL M12-13 32:36
8 14 Johannes Løhaugen M Etne IL M12-13 44:13
10 11 Hallvar Austrheim M Etne IL M12-13 47:45
11 12 Matei Pop M Etne IL M12-13 48:25
               
4 8 David Vik M KARMSUND M14-15 34:50
               
6 13 Lasse Åsbø M ETNE M23-34 38:31
               
3 2 Ørjan Løhaugen M IF Klypetussen M35-39 34:33
               
5 3 Jan Åge Brekke M Krik Skjold M40-44 36:57
9 6 Espen Steinsland M ØLENSVÅG M40-44 45:31
               
2 10 Kjetil Eidhammer M Hordaland Politii IL M45-49 34:21
               
7 7 Leif Hole M Vindafjord IL/Omega PS M55-59 42:07
               
12 9 Harald Måge M IF Klypetussen M65-69 48:25