Trass i surt regnver, så var det berre glade andlet å sjå
Når Kirsten Lien og Thomas Finshus stiller opp, så er det ialle høve kvalitet i toppen, men det er ikkje kjekt at eit tidlegare solid løp "sjuknar hen" grunna særs mangelfull PR. Men - for dei som likevel kom, var det 33. Osnes Rundt ei god oppleving. Som Kondis har skrive tidlegare, er dette ei tilskiping med potensial. Men då må det jobbast langsiktig.
David Øren - 12 år - med kjempeløp!
Kondis etter målpassering: Kor mykje trenar du, David?
David: ein til to gonger i veka.
Kondis: Men trenar du ikkje fotball óg?
David: Ja, det er kvar dag!
:-) Det var vel Erling Askeland som fekk den gode skiløparen Henrik Ingebrigtsen til å satsa på friidrett. Me veit alle korleis det gjekk. Å anbefala David Øren det same, er vel kanskje ikkje lurt med for tida så lite miljø for friidrett i Etne. Då er det (litt) betre med fotball. Men at 12 år gamle David Øren er eit kjempetalent på løping, er det ingen tvil om.
Ikkje mange så små bygder har fostra så mange storløparar: Kåre Osnes, Knut Erik Rame, Kjetil Ramstad, brørne Ingemund- og Håvard Askeland, Kjetil Dørheim Hals, Erik Rullestad og Barbro Ramstad for å nemna nokre særs gode løparar.
Kirsten Lien og Thomas Finshus raskaste i det 33. Osnes Rundt
Fjorårsvinnar Kirsten Lien som spring for Røldal, men er oppvaksen i Etne, trengte ikkje overanstrenga seg for å vinna kvinneklassen, då ho var einaste jente som stilte opp i langløypa.
Fleire år med mangelfull PR, gjer vel at løpet står i fare. Men det som blir gjort med barneløp, premiering og atmosfære gjer at det burde kunne bli eit 34 løp i 2019. Men 37.07 i denne krevande løypa er brukbart. Meir enn brukbart i med 29.45 på Thomas Finshus, Stegaberg IL. Ja, Thomas skulle nesten hatt ein pris for at - som så god løpar - stiller opp også på mange småløp rundt om i Nord-Rogaland og Sunnhordland.
22 turgåarar, 9 løparar og 15 flinke ungar
46 deltakar i alt er det lågaste på 33 løp. Alle likte seg, men alarmklokken bør ringa for arrangøren Etne IL. Alt det tekniske, løypemerking, medaljar til ungane og sal av kaffi og vaflar fungerte prikkfritt, men her var rom for mange, mange fleire.
Kondis sin representant trefte på førehand fleire trufaste løparar som trudde løpet var avlyst.
Kvinner:
1. Kirsten Lien, Røldal IL 37.07
Menn:
1. Thomas Finshus, Stegaberg IL 29.45
2. David Øren, Etne IL 31.17
3. Tor Arne Sandvik, IF Klypetussen 31.23
4. Matias Berge, Ølen IL 33.35
5. Nils Saltnes, IF Klypetussen 34.35
6. Marius Fedje, Etne IL 39.32
7. Harald Måge, IF Klypetussen 45.15
8. Gisle Sellevold, IF Klypetussen 53.09
Ungar:
Lars Skjervheim Lunde
Alfred Skjervheim Lunde
Lilly Øren
Lykke Øren
Peder Haugen
Synne Haugen
Emma Mills
Victoria Mills
Andrine Grindheim
Ronja Vaa
Henrik M. Krokå
Julie M. Krokå
Nicolas Knudsen
Vebjørn Øyjord
Marthe Aksdal Frette
Frå venstre Tor Arne Sandvik, David Øren, Kirsten Lien og Thomas Finshus
Nokre av dei 15 spente ungane, som foreldra lærte at litt regn er ikkje noko som stoppar oss
Frosne funksjonærar klarte likevel å få oss til å kjenna oss velkomne
IF Klypetussen fekk lov å dela ut utmerking for deltaking i tre av fire løp i Klypetuss-karusellen som var avvikla nokre veker tidlegare. Her ser me to stolte gutar - Nicolas Knudsen og Henrik M. Krokå
Her fekk me med også ei smilande Marthe frå Stordalen med på biletet.
Skal denne karen verta storløpar når den nye, fine bana med kunststoffdekke står klar?
Så var det to unge jenter som delte ut medalje og buff til dei som var endå yngre. Smart av arrangøren.
David Øren med kjempeløp i Osnes Rundt
Osnes Rundt er eit fint løp i krevjande løype. Start og mål på Etne stadion. Ca 8.4 km på laus løpebane, asfalt, mange km på grus og krevjande motbakkar, så 2-3 km på asfalt før gras og grus siste 250 m.
Artikkelen fortsetter under annonsen