|  | |
Oversiktsbilete av vekslingsfeltet ved Sognefjellshytta. Oppe, omlag midt på biletet, ser me Fanaråken 2068 moh, som 11. august er mål for Turtagrø-Fanaråken Opp med NM i Motbakkeløp. Alf Roger Holme, Eidsvoll Sykkelklubb, stikk her ut i tet på 10 km snøskøyting med omlag 3 min leiing etter den 30 km lange sykkeletappa. Holme skaffa seg det store forspranget etter taktisk kompiskøyring med trenings- og klubbkameraten Lars Kristian Johnsen, der dei knekte Arne Post. Sjølv om Post tok inn over minuttet på langrenns-etappa har Holme skaffa seg eit forsprang på 1. min. og 41 sek på favoritten Arne Post i kampen om samanlagtpremien på kr. 7.500,- for beste samanlagt tid i Sognefjellet Duatlon og motbakkeløpet Turtagrø-Fanaråken Opp. Dessutan kom også Skiskyttaren Jon Kristian Svaland, Birkenes IL og Skiløparen Espen Østlien, Gjøvik/Toten, langrenn i mål før Post. 11. august spørs det om forspanget vil halde heilt til topps eller om ekspress-Post vil kopiere sigeren frå 2004 på Fanaråken. |
|
Tekst og alle foto ved Christian Prestegård
Denne reportasjen handlar mest om den lengste distansen: 30 km sykling med 1000 meter stigning frå Galdesand til Sognefjellshytta og 10 km langrenn i fristil. Det var 51 deltakar ( 11 kvinner og 40 menn ) som gjennomførde denne konkurransen. Det var kortare distansar for 14-15 åringane og trim.
Sjå Resultatlista |
Dei 6 raskaste menn og 4 raskaste kvinner |
Dei 6 raskaste menn: 1. Alf Roger Holme, Eidsvoll Sykkelklubb; 1.36.03 2. Jon Kristian Svaland, Birkenes IL, 1.36.24 3. Espen Østlien, Gjøvik/Toten Langrenn 1.36.58 4. Arne Post, Oppegård IL, 1.37.44 5. Lars Kristian Johnsen, Eidsvoll Sykkelkl. 1.37.46 6. Vegard Breen, Eidsvoll Sykkelklubb 1.39.48
Dei 4 raskaste kvinner: 1. Marthe Katrine Myhre, Gjøvik Skiklubb 1.54.10 2. Hanne Trønnes, Ottadalen CK 1.57.47 3. Hilde Håkenstad, Roterud IL 2.05.32 4. Silje Nereng, Lillehammer Skiklubb 2.08.13 |
|  | |
Jon Kristian Svaland og Espen Østlien (23 ) tok kraftig inn på Alf Roger Holme, men Holme kontrolleret inn til siger. I mål var avstanden 21 sekundar til Svaland og 55 sekundar til Østlien. |
|
|  | |
Marthe Katrine Myhre, Gjøvik Skiklubb, vann fyrstepremien på kr. 10.000 i dameklassa på 1.54.10 med 3.37 ned til nr. 2 Hanne Trønnes, Ottadalen CK.
I bakgrunnen ser me Smørtstabbtindane med Storebjørn 2222 moh som den høgaste.
Etter løpet sa Marthe Katrine til Kondis.no at no fekk ho også lyst til å ta turen til Turtagrø-Fanaråken Opp den 11. august for å kjempe om samanlagtprisen på kr. 7.500,- . |
|
|  | |
Arne Post med Alf Roger Holme på hjul ved Elvesæter etter berre nokre kilometer sykling. Det taktiske spelet er i gang. Den tidlegare proffsyklisten Lars Kristian Johnsen, Eidsvoll sykkelklubb, har rykka og fått ei leiing på 150 meter. Her skulle Johnsen som er klubbkameraten og treningskameraten til Holme hjelpe Holme til å vinne. Post måtte no sykle som berre f...for å ta igjen Johnsen, og Holme kunne ligge på hjul og spare krefter til Post hadde fått nok... |
|
|  | |
..og her hadde Post fått nok. Han tok at Johnsen, men då rykka Holme. Post hadde fått overdose av mjølkesyre allereie før dei bratte bakkane opp på Sognefjellet. Her ligg Johnsen bak Post og let program-messig Holme stikke frå mot siger og kr. 10.000 i fyrstepremie. Johnsen let Post dra heilt til 1 km før veksling, der stakk han ifrå. Slik er sykling... |
|
|  | |
Alf Roger Holme har i vinter hatt mange tøffe tak med Arne Post i vintertriatlon utan å klare å slå han, men i dag skulle han klare det ved å skaffe seg eit stort forsprang på sykkeletappa. |
|
|  | |
Bak Post og Johnsen kom Svaland, Østlien og sykkeltalentet Vegard Breen Eidsvoll Sykkelklubb. Vergard, som her ligg bakerst, er berre 17 år. Han klarte å dra i frå og veksla som nr. 3.
|
|
|  | |
17 åringen Vegard Breen blei forbigått av 3 løparar på snøskøytinga og blei totalt nr. 6 kun 2 minuttar bak Arne Post på 4 pl. Vegard arbeider i sykkelbutikken til Alf Roger Holme, og er dermed i eit motiverande sykkel- og treningsmiljø kvar dag. Den storslagne naturopplevinga på Sognefjellet gav også meirsmak ! |
|
|  | |
Hanne Trønnes, Ottadalen CK, blei nr. 2 etter å ha leia etter sykkeletappa |
|
|  | |
Hilde Håkenstad, Roterud IL, blei nr 3 i dameklassa. Ho er stadig på nye oppturar og deltek med stor entusiasme Noreg Rundt i alle løp som går oppover. Her ligg det i genene. Storesøstra Anita Håkensstad Evertsen har dei to siste åra vore den store motbakkeløpdronninga i Noreg med 2 NM gull og 4 pl i VM. |
|
|  | |
Lustringen Reidar Bøye Sviggum, Sogn Sykkelklubb ( kl. 50-54 år) deltek også med stor entusiasme i dei flotte (T)OPPløpa på Vestlandet. Han er sjølvsagt allereie påmeldt til Turtagrø-Fanaråken Opp 11. august. |
|
|  | |
Sigvald Øyberg, Skjåk IL, vann kl. 50-54 år på 1.53.57 og slo dermed raskaste dame ! |
|
|  | |
Lars Kristian Johnsen storkosa seg med det praktfulle utsynet mot Fanaråken der han i fjor gav alt for å vinne då han slo Arne Post med nokre sekundar i Fanaråken Duatlon. |
|
|  | |
Kjell Ivar Brun, Vågå IL. Kl. 40-44 år. |
|
|  | |
Per Mundhjeld, Bøverdalen IL, kl. 30-34 år. |
|
|  | |
Inge Kristoffersen, Vinn IL, kl. 20-24 år. |
|
|  | |
Erik Bergan, Ringkollen Skiklubb, kl. 50-54 år |
|
|  | |
Martin Hegrenes, Førde IL, (kl. 16-19 år) spurtar inn til mål på 1.59.22, 2 sek. raskare enn Sondre Lekved Bjelle, Sogndal IL. |
|
|  | |
Brage Lund Aakre, Lom IL, som deltok i Trimklassa, skøytar her i elegant stil i slak motbakke, medan andre gjekk klassisk.. |
|
|  | |
Velorganisert vekslingsfelt. Her er det plass til minst 300 deltakarar til neste år ! |
|
|  | |
1415 moh i steikande maisol rett i mot er det ikkje lett å halde augene åpne utan solbriller. Næringssjefen i Luster Kommune, Olav Grov. som hadde familien godt representert i løpet storkosa seg i det praktfulle været. No ser han med stor glede og forventing fram til Turtagrø-Fanaråken Opp med NM i motbakkeløp der Luster Kommune er ein viktig støttespelar. |
|
|  | |
Og sjølvsagt var Anders Fortun. Il Fanaråk , løpsleiaren for Turtagrø-Fanaråken Opp , også på plass for å promotere den store dagen i august. |
|
|  | |
Hyttesjefen på Sognefjellshytta Råmund Mundhjeld håpar og trur at bilda frå denne praktfulle dagen vil få minst dobbelt så mange på Startstreken neste år ! |
|
|  | |
Kl. 22.00 tok eg dette biletet frå rommet mitt på Sognefjellshytta mot Fanaråken (2.068 moh) , Steindalsnosa ( 2025 moh) med glimt av Skagastølstindane til venstre. Det er slike flotte utsyn eg aldri får nok av. |
|
|  | |
KL.22.02 tok eg dette biletet frå Sognefjellshytta mot Smørstabbreen og Smørstabbtindane i aust. |
|
Dersom du ønskjer nokon av desse bileta i høgoppløseleg kvalitet, kan du ta kontakt med Christian Prestegård på tlf. 99 52 11 99 el. på mail: christian@prestegaard.no
Meir info om Sognefjellet og Sognefjellet Duatlon finn du på www.sognefjellet.no
Info om Turtagrø-Fanaråken Opp med NM i motbakkeløp finn du på www.fanaraaken.com |