Av Harald Sel

Bård vil bli sakna av mange. Han var ein sprudlande og livsglad mann som det var lett å få kontakt med og bli glad i.

Han sprang sin maraton nr. 392 på Undheim i mars 2016. Det skulle bli hans siste. Berre to i Norge har sprunge fleire, Inge Asbjørn Haugen og Bjørn Gjerde.

Bård budde hos oss på Bryne, under maratonhelga på Undheim i 2016. Me snakka om planane framover, og dei var mange. I juni skulle me møtast i Trondheim og sykla Den Store Styrkeprøven saman. Bård hadde sykla Trondheim-Oslo rittet 42 gonger, - nesten kvart år frå det året han fylte 17.

Eit par veker før rittdagen ringde Bård meg. Han måtte melda forfall til Styrkeprøven 2016. Han hadde problem med magen og måtte opererast.

Det som han og andre trudde var eit enkelt inngrep, viste seg å vera svært alvorleg. Han fekk påvist kreft.
Eit halvt år låg han på sjukehuset. For litt over eit år sidan blei han utskriven og kom heim. Han var framleis så dårleg at han måtte bruka rullator.

Med sin ufattelege vilsestyrke trente han seg opp til igjen til å kunna springa og sykla lange turar.
I juni gjennomførte han sykkelrittet Trondheimsfjorden rundt på 200 km.

I haust var han påmeldt til ein ny maraton. Men kort tid før den, fekk han nye problem. Ny operasjon. Kreften hadde spreidd seg.

Eg hadde mange maratonopplevingar saman med Bård, både i Norge og Sverige. Bård var glad i Sverige og sprang mange løp hos broderfolket vårt.

Me hadde også mange fine timar saman på sykkelsetet, - mellom anna ei ugløymande lys og mild natt på to hjul over Dovre.

Då Bård slutta som lærar i den vidaregåande skulen, og blei pensjonist, hadde han mange planar. Han var flink til så mange ting. IIkkje minst ein meister til å byggja hus av lafta tømmer. Med sin viljestyrke og uvanleg gode helse, skulle han normalt ha mange år igjen å leva. Men mot kreften måtte både gode legar og Bård gje tapt.

Bård vil bli djupt sakna. Eg minnes han med glede og lyser fred over hans gode minne.

 

LES OGSÅ: Jon Hendens Minnepris til Bård Rødde