ASICS-expoen deltakarane møter når dei kjem for å hente startnummeret sitt i Teatersalen til BUL i Rosenkrantz’ gate 8, kjem til å bli ekstra flott i år. Det lovar Eirik Tanberg, som er dagleg leiar i IL BUL, som arrangerer ASICS Sentrumsløpet. 

– Vi skal ha ein spennande og fin Expo. I tillegg skal vi i år for første gong ha fartshaldarar (harar) som skal hjelpe deltakarane gjennom løpet. Vi skal ha fartshaldarar for dei som vil prøve å kome i mål under 40, 45, 50, 55 og 60 minutt. Det er Runner’s World som hjelper oss med dette, seier Eirik, og legg til at dei også vil ha fokus på å skape liv i løypa.

– Vi skal ha fleire stasjonar enn tidlegare med liv i løypa. Dette er viktig for dei som deltek, og vi veit at gode tiltak for deltakarane gjer at det er større sjanse for at dei kjem tilbake neste år, fortel han.

– Endå ein ting som er nytt i år er at vi skal ha ein «After run» på Kaffistova, i Kristian IVs gate 2, rett etter løpet. Her blir det burgarar, drikke og god stemning, seier Eirik.

Aukande påmelding

I 2019 var det heile 12.500 som melde seg på ASICS Sentrumsløpet. Så kom pandemien.

– I 2020 måtte vi avlyse arrangementet, medan 2021 blei eit pandemiprega og utsett arrangement. I 2022 var vi nede i 6.800 påmelde. I år ser vi at det igjen er aukande interesse for å vere med, og vi reknar med å ende opp på rundt 9.000 påmelde deltakarar, seier Eirik, og legg til at dei gler seg stort til å starte sesongen 2023 med ASICS Sentrumsløpet den 22. april. 

– Fokuset for dei aller fleste som deltek på ASICS Sentrumsløpet er opplevinga av å vere med på eit stort løp, og gleda ein får etter å ha gjennomført. Vi ønskjer å vere arrangementet som alle har glede av å vere med på, seier han.

Gode råd

På spørsmålet om kva råd han vil gi til dei som deltek på løpet for første gong, svarar Eirik: 

– Start heller litt for roleg enn motsett. Opninga på løpet er hard, og det er mykje betre å ha krefter igjen mot sluten enn å brenne alt krutet i den første bakken opp mot Slottet. Om du orkar, anbefaler vi deg til å sjå deg litt rundt medan du spring. Løypa går forbi mange av dei mest kjende landemerka i Oslo. Vi anbefaler også alle å lese vår artikkel «Mitt første løpsarrangement». Her gir vi tips og råd om kva du skal gjere både før, under og etter løpet. Lykke til, avsluttar han.