Løpet starta klokka 10 om kvelden, og i og med at både regn og mørke seig på, så kan ein ikkje seie at forholda var heilt ideelle. Feltet delte seg fort i to, med ei tetgruppe som sprang for ei sluttid til 13.45. I den var det Ådne Andersen som heldt ut lengst, men på sisterunden vart han teki att og sprungen ifrå av Eivind Øygard som opna rolegare og hadde fått ei snillare reise i pulje to. 

- Det vart tungt - eg gjekk på ein smell. Men tusen takk til publikum. Det hjelpte veldig at så mange var her - ein stor klapp til dykk, sa Dimna-løpar Andersen over høgtalaranlegget til dei som hadde møtt fram da han sjølv hadde fått att pusten. 

Eivind Øygard hadde ei knallsterk avslutning og kunne glede seg over både siger og solid pers. Frå før hadde han 14.15,41 som bestetid, sett under Boysen Memorial tidlegare i sommar. Slik sett tok han no eit skikkeleg jafs, sjølv om han nok gjerne skulle ha sprungi halvanna sekund fortare. 

Trass i smellen kom Ådne Andersen i mål på 14.04,42 og persa med 17 sekund. Den tidlegare mellomdistanseløparen har det siste året òg gjort det godt på lange distansar, og under Stadionmila i Kristiansand imponerte han med å springe 10 000 m på 28.49,21. 

Isac Tesfaimichael og Mathias Flak kom seg òg under 14.15 i kveldsstemnet i Hareid. Seks mann tok seg til mål, og dei to som står med DNF gjorde ein god innsats som fartshaldarar for kvar si gruppe. 

Aadne_Andersen_og_Senay_Fissehatsion_4S7A3521
Ådne Andersen hadde eit gjennombrot som langdistanseløpar da han slo sterke løparar og vann halvmaratondistansen i Oslo Maraton i fjor. (Foto: Runar Gilberg) 
 

Menn senior 5000 m    
1 Eivind Øygard (92)  Jølster IL  14.01,42
2 Ådne Andersen (94)  Dimna IL  14.04,27
3 Isac Tesfamichael (93)  Leksvik IL  14.12,53
4 Mathias Flak (99)  Steinkjer FIK  14.13,52
5 Seb Anthony  England  14.51,87
6 Roger Pollen (94)  Førde IL  15.21,05
12 Fredrik Sandvik (98)  Ull/Kisa IL Friidrett  dnf
11 Erik Udø Pedersen (94)  Ull/Kisa IL Friidrett  dnf

 

Kondis trenger din støtte
Bli medlem eller støtt oss med en gave hvis du ønsker at Kondis skal fortsette å spre treningsglede, skrive reportasjer, lage terminlister, kontrollmåle løyper, føre statistikker osv. På grunn av koronakrisen har store deler av annonseinntektene våre falt bort, og vi er i enda større grad avhengig av medlemskap og støtte fra våre lesere.

Bli medlem og få mange medlemsfordeler!

Gi en gave:
Vårt kontonummer er: 1503.35.18541
Vipps: 125957