I kjempeflott ver, med løype som bygdefolket har all ære av, og hyggelege arrangører.
Minus med veldig låg deltaking, alt i alt 29 deltakarar i eit løp/tur med over 140 på det meste. Men: om kondis.no har rekna rett, er det mogelegheit neste år - for då er det 10. gong. For dette er eit løp med potensiale. Løypa er krevande, men superflott rundt det idylliske Rullestadvatnet, ikkje langt frå grensa til Odda kommune.
Men då må PR-verksemda trappast betydeleg opp. Og litt meir proff rame rundt løpsdelen, også med tanke på dei komande åra. 9 meir eller mindre seriøse løparar er på grensa av kva som inspirerer til ei ny tilskiping. Men som skrive, her er potensiale. Og med fiskefestival nede på Fjæra i same bygd dagen før, så er det typisk familievenleg.
Start og mål litt endra i 2018
Start var trekt opp i gata om lag 100 m frå sjølve campingområdet og tidlegare startplass. Mål var trekt ned mot sjølve vatnet. Rekordhaldar for menn, Erik Rullestad, meinte at endringa var så minimal at ein kunne halda på løyperekordane. I år var ikkje det eit problem.
9 deltakarar i løpsklassane. Sellevold fyrst i mål....
Deriblant denne reportaren som kom fyrst i mål. "Har du tjuvstarta...?" spurde mor til løyperekordhaldaren då Kondis-reportaren passerte fyrst - ho gjekk turmarsjen. Litt av ein kompliment... Nei, kondis.no fekk lov å starta ein halvtime før ordinær start, for om mogeleg å ta bilete når dei gode løparane kom i mål. Gjekk så vidt....
Resultat:
Barn:
1. Emilie Bratvold 35.30
2. Paul Hrald Egland 36.52
3. Sebastian Bratvold 39.35
Kvinner:
1. Ellinor Austrheim 28.10
2. Hildegunn Hausken 34.16
Menn:
1. Erik Rullestad 22.58
2. Marius Bratvold 31.16
3. Louan Djabra 35.57
4. Gisle Sellevold 50.35
Frå venstre: Nils Rullestad (ein gong) 52.4 på 400 m, Ole Vidar Melkeraaen og Ellen Rullestad
Ellen Rullestad deler ut premiar. Erik på toppen hadde sjølv designa premiepallen.
P.S. Ellen var sjølv ein veldig god løpar for ein del år sidan. (Ho gav seg altfor tidleg).
2, 3, 4, 5 minus nr 2 = familien Bratvold. Dei har kjøpt seg flott ferieparadis i austenda av Rullestadvatnet.
Kjersti Markhus (i kvitt) og Marta Sveen får stå som representantar for dei 20 turgåarane. Dei har vore med nesten kvart år.
Ellinor Austrheim fyrste jente i mål. Ein særs talentfull løpar.
C`est nes pas Pogba.... men litt seinare på dagen kunne denne franskmannen feira sine landsmenn sin siger i fotball-VM. Erik Rullestad fann han i seglebåt nede på havna i Fjæra og inviterte han med. På smilet ser det ut til at han takkar for det.
Tre beste i barneløpet:
Hildegunn Hausken frå Karmøy: fyrste ei runde tur rundt vatnet, så starta ho like godt i løpet etterpå.
Ho er ein av arrangørane av Bjørgene Løpskarusell på Karmøy.

Emilie Bratvold, Ellinor Austrheim og Erik Rullestad vann Rullestadvatnet Rundt
Kva: Rullestadvatnet Rundt for 9. gong. 4.5 km på grus, skogssti, trapper, bruer, langs bergknattar og litt asfalt.
Kor: Rullestad i Etne kommune i Sunnhordland
Når: sundag 15. juli 2018
Kor: Rullestad i Etne kommune i Sunnhordland
Når: sundag 15. juli 2018
Siste medlemssaker
Annonse