Yr og regn i fleire dagar gjorde terrengdelen på sørsida av Rullestadvatnet særs glatt. Ja, så glatt at stemneleiar Nils Rullestad råda alle løparane rett før start om å vera forsiktig. Det skal og seiast at arrangørane i Fjæra og Rullestad IL og grendelaget har lagt ned eit stort arbeid med trapper, bruer, tau til å halda seg i og sikringsgjerder. "Rullestadvatnet Rundt" vart arrangert for 8. gong. 


"Rullestadvatnet Rundt" kårer den ultimate løparen"
Denne utsegna frå ein av arrangørane har samanheng med dei mange ulike utfordringane løparane møter i denne krevande traséen: 1 km asfalt, grusveg med kort kraftig motbakke, over berg og hammer nedatt til vatnet, skogssti, klatring opp mot trapper og bruer over fossar, opp og ned langs heile sørsida av vatnet, før avsluttninga med 7 - 800 m grusveg.

Framleis god løpar
Erik Rullestad trenar langt mindre enn for nokre år sidan då han var med i hoved-NM på 10000 m. Men tida sundag 8. juli 2017 under vanskelege forhold, viser at han framleis er i god form. Samanliknar ein tida med hans eigen løyperekord frå den gong han trente mykje hardare, så ser ein at det ikkje er så langt unna.

Bård Medhus, Røldal IL med kjempeløp blant dei yngste!

24.14 på Bård Medhus er imponerande av unguten. Tek han løyperekorden om eit par år...?

"Fyrste gong eg vinn eit løp"
Ja, det uttalte vinnaren av dameklassen før premieutdelinga. For det fyrste er det viktig å stilla opp for å ha høve til å vinna, og når ein gjer eit godt løp og kjem fyrst i mål, så er det kjekt å vinna. 

Tre raskaste damer:

1 Gunvor Medhus, Røldal IL                            35.05
2 Kim K. Runnane, IL Korlevoll - Odda                          36.04
3 Solveig Strålberg                              44.07



18 turgåarar og 22 løparar
40 deltakarar er forsåvidt OK i to så små grender (Fjæra og Rullestad). Men rekorden er godt over hundre. Veret må ta noko av "skulda", men marknadsføring på ulike vis og i  god tid, er aldri dumt.


Alle foto: Torleif Fjæra


Herrer_Premier_2017.jpg

Pallen for menn

1 Erik Rullestad, Fjæra og Rullestad IL 22.23
2 Johan K. Runnane, IL Korlevoll - Odda 23.51
3 Kristian M. Brekke, Lillomarka IL 25.24



Alle resultater

  Herrer:  
Plass Navn Tid
1 Erik Rullestad, Fjæra og Rullestad IL 22.23
2 Johan K. Runnane, IL Korlevoll - Odda 23.51
3 Kristian M. Brekke, Lillomarka IL 25.24
4 Kjetil Sævareid, Etne IL  25.54
5 Sigurd Aga Hagen, IL Korlevoll - Odda 27.13
6 Tøres Rullestad, Fjæra og Rulllestad IL 28.36
7 Robert Melkeraaen, Fjæra og Rullestad IL 31.30
8 Harald Måge, IF Klypetussen 37.09
9 Sindre Mæland 39.49
10 Roger Brekke 41.48
11 Lars Øyre, Fjæra og Rullestad IL 43.21
12 Gisle Sellevold, IF Klypetussen 49.54
     
     
  Damer:                                                                             
Plass Navn Tid
1 Gunvor Medhus, Røldal IL                            35.05
2 Kim K. Runnane, IL Korlevoll - Odda                       36.04
3 Solveig Strålberg                              44.07
4 Laila Sørhus                              45.52
5 Marthe M. Mæland                         1.30.00
6 Sølvi Markhus 1.30.00
     
  Barn  
Plass Navn Tid
1 Bård Medhus, Røldal IL                        24.14
2 Hannes M. Lundal, Fjæra og Rullestad IL 34.26
3 Oda Medhus, Røldal IL      41.25
3 Brigitte K. Runnane, IL Korlevoll  Odda          41.25



Damer_premier_2017.jpg

Pallen for damer:

1 Gunvor Medhus, Røldal IL                            35.05
2 Kim K. Runnane, IL Korlevoll - Odda                          36.04
3 Solveig Strålberg                              44.07


Klassen for barn

Barn_premier_2017.jpg
Bård Medhus høgast på pallen flankert av syster Oda til venstre og Brigitte K. Runnane heilt til venstre. Til høgre Hannes Melkeraaen på heimebane.