60 deltakarar i alle aldrar av begge kjønn stilte til start. Fleire veteranar stilte til start denne kvelden, med m.a. Turid Lid, Ingvard Nordtveit og Arthur Lillefosse i spissen. (Ingvar ogg Arthur f.v. er på bilete). Dei kjem alle i mål på imponerande gode tider. Rekrutten Magnus Tufta Flotve deltok på sitt fyrste karuselløp og kom inn på den imponerande tida 18,18. Jentungen Elina Eik Nygård spurta også inn på imponerande 21,53. Fyrst blant jentene var Sunniva Steine føre Amalie Svåsand Måge og Torild Kveberg. Blant gutta var nok ein gong 15-åringen Sondre Svåsand Måge fyrst, føre rosendalingen Haakon Myklebust Skjelnes og Edvin Øygard frå Eikelandsosen. (Sondre og Amalie er avbilda på bilete til denne teksten). 

Vinterkarusellen høver for alle folk uansett nivå og ambisjonar, og mosjonsaspektet står i høgsetet. Ein kan konkurrere med seg sjølv eller med sine vener, og sjå endringar i forma etterkvart som aktiviteten aukar. Den sosiale biten er særs viktig. Premiane vert også trekte på startnummer, so alle har like sjangsar for å vinne. Hovudpremien på kr. 500,- til bruk på Mo Sport vart vunnen av Reidar Nerhus frå Hatlestrand. 

Neste løp vert 17. desember. Då er det snart jul, og nissen er forhåpentlegvis på plas, saman med gløgg og mandariner m.m. Løp vert det uansett i den fire kilometer lange løypa. Alle er varmt velkomne. 

Resultatliste, alfabetisk:

Hallgeir Aase 22,14
Kirsten Aase 38,39
Liv Sigrid Almås 27,58
Håkon Berge 21,37
Laila Aalvik Berge 35,01
Anne Christin Børsheim 25,29
Liv Berit Bru Eide 21,25
Frode Espeland 17,39
Magnus Tufta Flotve 18,18
Kitty Marie Håbrekke Fosse 34,33
Knut Øystein Fosse 15,16
Magne Fosse 29,22
Selma Fosse 37,13
Tor Henrik Fosse 34,33
Lars Lutro Gjerde 34,1
Reidun Samland Gravdal 25,44
Jannicke Grønning 21,55
Trine Handal 25,49
Fredrik Haugerud 17,37
Grethe Hjertaker 28,43
Ketil Karlsen 19,47
Eva Kolstad 27,03
Magne Kolstad 18,56
Torild Kveberg 17,49
Mette Lammedal 24,55
Turid Lid 30,34
Arthur Lillefosse 25,36
Simen Lillefosse 18,17
Katarina Lundervold 18,27
Torunn Lutro 34,1
Anne Fredheim Magnussen 38,36
Hanne Meyer 25,35
Gunnar Mundheim 22,18
Amalie Svåsand Måge 17,41
John Olav Måge 16,22
Lars Måge 15,28
Ove Måge 14,34
Solveig Måge 41,52
Sondre Svåsand Måge 14,01
Knut Johan Nerhus 26,01
Reidar Nerhus 20,2
Triana K Nerhus 20,02
Ingvard Nordtveit 23,49
Elina Eik Nygård 21,53
Liv Nærnes 26,05
Annhild Oma 23,03
Monica Rinde Oma 20,53
Eirik Rebnord 16,42
Franz Sekanina 37,55
Haakon Myklebust Skjelnes 14,08
Sara Prestegard Skåtun 20,02
Sunniva Steine 16,59
Bodil Stranden 32,22
John Svahn 23,52
Silje B Svåsand 31,17
Arvid Tangerås 22,26
Irene Tangerås 20,23
Sigrun Tufta 20,46
Britt Norunn Tveit 38,36
Gudmund Øvsthus 16,01
Edvin Øygard 14,19

 

invardogarthur.jpg
Ingvard Nordtveit og Arthur Lillefosse.