Den fine vinteren snudde om til regn denne dagen, men det vart eit bra vinterkaruselløp likevel. Omlag førti løparar til start i dette ruskete veret, er ei heilt grei deltaking. Som vanleg var det ein fin miks av personar i ulike aldrar av begge kjønn.

Det var deltakarar frå Hatlestrand til Norheimsund. Etterpå var det som vanleg trekking av gåvepremiar. Anne Christin Børsheim vann den gjevaste som var eit gåvekort på kr. 500,- til bruk på Mo Sport. SIL-løparane Knut Øystein Fosse, John Olav Måge og Lars Måge var dei fyrste mennene i mål. Blant kvinnene kom Rita Gjerde, Irene Myrvold, Hanna Øygard og Irene Tangerås fyrst. Uansett er det trimmen og mosjon som er det viktigaste på vinterkarusellen uansett plassering over mål. Idrettslaget er svært glade for dei som vil delta, og dette er eit fint mosjonstilbod som høver for alle.

Neste løp vert tysdag 13. februar.

Då er ein allereie komen fram til sesongens nest siste løp. For å gjennomføre vinerkarusellen, må ein delta på minst fem av dei åtte løpa. Då får ein vinterkarusellmedalje og ein er med i trekking om fine gåvepremiar. Hovudpremien er eit gåvekort på kr. 2000,- til bruk hjå Mo Sport i Norheimsund. 

VINTERKARUSELL STRANDEBARM 2017 – 2018
6. løp 23. januar 2018. Resultat

Linda Antonesen 28,32
Renate Bakkely 35,13
Håkon Berge 22,55
Anne Christin Børsheim 24,31
Hans Arne Børsheim 22,56
Liv Berit Bru Eide 22,08
Frode Espeland 19,25
Elisabeth Fosse 23,08
Kitty Marie Håbrekke Fosse 23,20
Knut Øystein Fosse 15,43
Tor Henrik Fosse 23,20
Vilde Bakkely Fugleberg 36,22
Rita Gjerde 19,57
Grete Hjertaker 27,43
Adrian Klever Kåreid 34,41
Elly Lauritsen 45,30
Fillip Lauritsen 45,30
Kristoffer Lauritsen 47,12
Arthur Lillefosse 25,49
Gunnar Mundheim 32,43
Irene Myrvold 20,03
Amalie Svåsand Måge 25,26
John Olav Måge 15,49
Lars Måge 17,16
Ove Måge 19,13
Solveig Måge 40,00
Sondre Svåsand Måge 18,52
Veronika Måge 26,59
Agnethe Fosse Rise 33,07
Frans Sekanina 34,20
Rino Sekanina 34,20
Siril Sundfjord 36,22
Elisabeth Svåsand 24,45
Silje Svåsand 29,02
Irene Tangerås 21,18
Håkon Tveit 24,03
Vienna Fosse Vik 34,50
Hanna Øygard 21,17