Ingressbildet (Foto Jan Christian Jerving).viser Anna M. Tråve og Anders Inge Hundere, frå arrangørklubben Lærdal IL-friidrettsgruppa, som deltok i prøveløpet i fjor saman med 80 andre.
Prøveløpet i fjor vart så vellukka og fekk så flotte tilbakemeldingar frå deltakarane at det i år blir invitert til eit løp for "heile verda" med både mosjonsklasse og konkurranseklasse med standard klasseinndeling m.a 5-års aldersklassar i veteranklassane og klassevinnarpremie i tillegg til medalje til alle som fullfører.
Terrengløpet Galdane Rundt er ei rundløype langs Lærdalselva der start og mål er i «Koret», rasteplassen ved Seltatunnelen 17 km frå Lærdalsøyri retning aust. ( E- 16). Avkøyrsle er skilta historisk veg. (Løpsdagen blir det også merka Galdane Rundt. )
Foto Christian Prestegård. Løypa går på m.a. på kongevegen frå 1793 som er nyrydda av sherpaar i sommar. Den er mykje nytta til trim og trening. Rundløypa byr på flott natur, variasjon med bakkar og vegar av historisk verdi.
Starten er i Koret og går ned til garden Seltun, før den svingar over bru forbi Galdane , passerer elva Storsokni, Olavsklemma til Sjurhaugen der vendepunktet er. Returen går forbi Gravdalen og Gamle Seltaåsvegen til mål. Flottare løpstrase skal ein leite lenge etter. Galdane Rundt er skjerma for trafikk og er familievennleg.
Foto Jan Christian Jerving
Foto Jan Christian Jerving. Friidrettsgruppa i Lærdal IL har hatt stor suksess med det bratte motbakkeløpet Storehaugen Opp. No arrangerar dei også eit løp for dei som likar meir fartsfylte varierte løyper. Trur nok at dei aller fleste som deltek i motbakkeløp vil ha stor glede også av denne kuperte terrengløypa. Her i ein slak unnabakke som kan springast fort på den flotte historiske kongevegen mellom aust og vest som no er ein praktfull turveg med jord og gras som "løpsmatte" Unnabakkane går som ein leik !
Foto Christian Prestegård. Her får eg så lyst til å springe fort !
Foto Christian Prestegård. Dette fotoet tok eg på løpeturen i løypa 5. oktober frå det høgaste partiet i løypa ned mot den gamle husmannsplassen Galdane der løypa går på den gamle kongevegen som buktar seg lang elva. Omlag 100 høgdemeter rett nedanfor ser vi også den gamle bilvegen som no er erstatta av Seltatunnellen.
TIL INFO så er det fellesstart i konkurranseklassa kl. 13.00 , medan mosjonistane kan starte frå kl. 12.00
Mosjonistane melder seg på ved start, konkurranseløparane melder seg på på e-mail: bjorghild@storehaugenopp.com før 17. oktober kl. 21. Oppgje fødselsår og klubb/lag. Startkontingenten er kun kr 100 i konkurranseklassane. I Mosjonsklassa er startkontingenten kr 50. Born 12 år og yngre går gratis. Det er høve til etterpåmelding løpsdagen fram til kl. 12 også i konkurranseklassa, men då med eit tillegg på kr. 50.
Gjeldande løyperekordar tilhøyrer vinnarane frå prøveløpet i fjor Åslaug Kårdal, Lærdal IL med 42.25 og Sondre T. Lillebostad frå Sogn og Fjordane Politidistrikt med 40.23.
Arrangøren ved Bjørghild Holien og Anna M. Tråve har tru på stor auke i deltakartalet i år og oppfordar deltakarane om å køyre mange saman i ein bil pga at det kan bli trongt på parkeringsplassen ved start. Når P-plassen ved Koret blir full blir det høve til å parkere langs den gamle svingete vegen langs elva som vart erstatta av Seltatunnellen.
For meir info sjå Facebooksida til Galdane Rundt, Terminlista på Kondis.no el. ring 95139357.