Foto: Ketil Streitlien

I Nibbedobbelen syklar ein først til topps, før ein rullar tilbake til start ved fjorden. Deretter spring ein den same knallharde løypa opp att på Dalsnibba. Start på sykkeletappen er kl 08.30 og start på springeetappen er kl 11.30. Tida etter målgang på sykkel og fram til kl 11.30 tel ikkje med i totaltida. 

 
Løypa går i landets kanskje vakraste fjordlandskap, som nyleg vann ei internasjonal kåring for beste nettsidepresentasjon og som også er kåra til beste forvalta reiselivsmål blant alle verdas verdensarvområder.
 
Nibbeløpet er eit av landest lengste og høgaste motbakkeløp. Den nesten kontinuerlige 21 km lange motbakken går på veg og byr på full sommar ved Geirangerfjorden og meterhøge brøytekantar i seinvinteren på Dalsnibba. 
 
Nibberittet er fullt på høgde med dei hardaste fjella i Tour de France. Med ca 1500 m stigning (nokre få nedoverbakkar gjer at total stigning er ca 1500 høgdemeter) er det kun Mont Ventoux og Col de Tourmalet som er hakket hardare.
 
Dette betyr at Nibbedobbelen, med sine 42 km og 3000 høgdemeter, er ei beintøff utfordring om kun dei sprekaste klarer å fullføre med stil. Og når denne er lagt til så vakker natur, garanterer vi ei sterk oppleving for både kropp og sjel!
 
For meir informasjon se www.frafjordtilfjell.com