Trass noko usatbilt ver, var føre ganske greitt denne februarkvelden. På bildet er Hanna Øygard, Elisabeth Skogasel, Sondre Svåsand Måge og Lars Mundheim Oma f.v. avbilda etter løpet.

Vinterkarusellen samlar mykje folk; 55 løparar på startstreken ein tysdagskveld i februar er arrangørane nøgde med. Som vanleg var det folk i alle aldrar frå småborn i barnevogn til pensjonistar. Åtte deltakarar stilte til start for fyrste gong i år. Mellom desse var strandebarmsvenen John Svahn frå Tørvikbygd, som har mange startar bak seg i karusellen i tidlegare år, i tillegg til deltaking på seriestemna på idrettsbanen. Seinare denne månaden skal han avgrade på skirenn til Russland saman med andre kvemmingar.

Ein som også deltok på fyrste gong i år var Adam Øygard (16). Han sprang fort, og var fyrste mann i mål, føre Knut Øystein Fosse, Ove Måge og John Olav Måge. Også Hilde Håbrekke med borna Jenny og Aleksander, mor Annlaug og nevø Kristoffer debuterte for denne sesongen på karusellen. Jenny vann ein av gåvepremiane.Torild Kveberg var fyrste kvinne over målstreken føre Irene Myrvold og Irene Tangerås og Liv Berit Bru Eide. Hovudpremien på kr 500,- til bruk på Mo Sport, var det vesle Vilde Bakkely Fugleberg som vann. Vilde og mamma Renate har delteke på alle dei sju løpa denne sesongen.

Tysdag 6. mars klokka 19, går det aller siste løpet denne sesongen. Etterpå vert det avslutningssermoni i kantina på skulen. Der vert det sal av enkel mat, trekking av premiar og utdeling av medaljar. Alle som deltek på minst fem løp får medalje, og vert med i trekking av fine premiar. Til no har 42 personar vore med på min. 5 løp. 13 personar har fire løp til no.

 

VINTERKARUSELL STRANDEBARM 2017 – 18
Løp 7, 13. februar 2018. Resultat

Renate Bakkely 33,59
Torunn Baldersheim 30,46
Bjørn Ove Berge 23,03
Håkon Berge 22,31
Kaja Berge 23,03
Kjell Egil Berge 23,03
Trond Inge Brakestad 17,31
Pernille Djupesland 26,19
Liv Berit Bru Eide 21,44
Frode Espeland 18,27
Kitty Marie Håbrekke Fosse 22,20
Knut Øystein Fosse 15,21
Tor Henrik Fosse 22,20
Vilde Bakkely Fugleberg 33,59
Grete Hjertaker 27,24
Aleksander Martinsdt. Håbrekke 40,11
Annlaug Håbrekke 46,25
Hilde Håbrekke 40,11
Jenny Martinsdatter Håbrekke 32,04
Kristoffer Håbrekke 32,04
Ketil Karlsen 24,58
Herlaug Kvamsøy 25,48
Torild Kveberg 18,41
Adrian Klever Kåreid 34,37
Mette Lammedal 25,28
Fillip Lauritsen 44,36
Preben Ljones 16,58
Gunnar Mundheim 32,18
Ann-Kristin Mykkeltvedt 31,54
Geir Inge Myrvold 21,49
Irene Myrvold 19,43
Amalie Svåsand Måge 23,55
John Olav Måge 16,07
Lars Måge 23,58
Ove Måge 15,24
Solveig Måge 41,53
Sondre Svåsand Måge 18,09
Endre Oma 31,41
Ingvar Oma 31,41
Lars Mundheim Oma 16,22
Sarah Revheim 44,36
Frans Sekanina 31,45
Rino Sekanina 31,45
Elisabeth Skogasel 22,13
Marita Flemmen Skogvoll 25,24
Siril Sundfjord 33,35
John Svahn 20,48
Elisabeth Svåsand 24,55
Irene Tangerås 20,09
Alvhild Tveitnes 40,56
Lars Tveitnes 26,19
Sigmund D Tveitnes 26,19
Gudmund Øvsthus 16,52
Adam Øygard 15,09
Hanna Øygard 22,16