Vi les frå pressemeldinga, sendt ut i dag:

"Årets utgåve blir kanskje litt spesiell, grunna den velkjende koronaepidemien. Men vi ser at fleire og fleire løp kjem i gang no i juni, så det er ingenting som tyder på at det ikkje blir noko av Nordvest maraton 22. august. Leiaren for Nordvest maraton er tilfeldigvis også smittevernoverlege i Hareid kommune, så det er all grunn til å tru at arrangementet er i sikre hender, slik sett.

Løypa går i naturskjønne omgjevnader i Hareid kommune. Ein skal til dømes springe langs Grimstadvatnet og rundt nesten heile Snipsøyrvatnet, to turistattraksjonar i seg sjølve. Og ikkje berre er det mykje flott natur å sjå på. Du får også oppleve ei variert løype med både grus og asfalt, og bittelitt tartan inne på Hareid Stadion. Etter at løypa vart lagt om i 2014 startar ein no på Hareid stadion, tek Rotary-stien på grus fram til Kaldholen, spring deretter rundt det idylliske Snipsøyrvatnet (asfalt) før ein spring Kaldholvegen (grus) ned til Hareid kyrkje, før ein svingar seg tilbake mot Hareid stadion. Dei som spring full distanse skal gjennom denne flotte løypa to gonger. Løypa er litt kupert, men veldig variert.

Følg med vidare på nordvestmaraton.no og Hareid IL Nordvest maraton på Facebook. for påmelding og meir informasjon.

Hareid IL har tenkt å markere at dette blir den 30. utgåve av Nordvest maraton. Nøyaktig korleis dette skal gjerast, kjem vi tilbake til. Det ryktast både eit «bonusløp» og Nordvest-skjorter. Den som ventar får sjå

Enn så lenger håper vi folk held seg friske og raske, og ladar opp til Nordvest maraton på sitt vis."

Det seier Einar Orten Trovåg i Hareid IL

Forehand_Halv_Olger_Breivik_start.jpegVinnaren på halvmaraton for menn i 2019 vart Olger Breivik (71). Her ser vi Olger og andre løparar ut frå Hareid Stadion, som er både start- og målområde

 

Kondis trenger din støtte
Bli medlem eller støtt oss med en gave hvis du ønsker at Kondis skal fortsette å spre treningsglede, skrive reportasjer, lage terminlister, kontrollmåle løyper, føre statistikker osv. På grunn av koronakrisen har store deler av annonseinntektene våre falt bort, og vi er i enda større grad avhengig av medlemskap og støtte fra våre lesere.

Bli medlem og få mange medlemsfordeler!

Gi en gave:
Vårt kontonummer er: 1503.35.18541
Vipps: 125957