Pressemelding fra Nibberittet
Nibberittet, Trollstigrittet og Eresfjord Classic samarbeider i 2016 om å kåre den beste motbakkeryttaren i Nordvest. Desse tre ritta er alle klatreritt i Møre og Romsdal og blir arrangert i løpet av tre helger på tidlegsommaren. Det er samanlagt sluttid over dei tre ritta som avgjer og ein må derfor delta i alle tre ritta for å bli med på samanlagtlista;
- Laurdag 11. juni Nibberittet (
Geiranger-Dalsnibba. 21 km langt og ca 1500 m stigning) - Laurdag 25. juni Trollstigrittet (
Trollstigen Gjestegård - Trollstigplatået. 10 km langt og ca 660 m stigning) - Fredag 1 .juli Eresfjord Classic (Eresfjord sentrum - Vistdalsheia, 8 km langt og ca 470 m stigning)
Ein melder deg på cupen ved å melde seg på dei tre ritta som vanlig, samt sender ein epost til klatrekongedronning@gmail.com
Han og ho som ledar samanlagt stiller i ei flott klatretrøye i neste ritt som samanlagtvinnaren får til slutt!
Les om tidligere Nibberitt på kondis.no samleside


Trykk på plakaten for STOR utgave.
