Vignett-kondiskommentaren.jpg

Størsteparten av vegen følgde vi barnevandrarstiane der ungar frå fattige familiar vest på Agder på 1800-talet og heilt fram til 1910 gjekk både 15 og 20 mil for å finne arbeid lenger aust. Vandringa gjekk austover til større og rikare gardar i april og vestover att så seint som i november. Dei yngste var berre sju år, og mange gjekk berrføtt. 

Små føter
Terje og eg gjekk i gode sko og overnatta i hotell, hus og hytte dei tre nettene. Sjølv om det var litt eller mykje regn i lufta alle dei fire dagane, var august-temperaturen god, og vi slapp å fryse sjølv om vi jamt var blaute. Tanken gjekk til dei som seinhaustes gjekk enda lenger, dårlegare kledt med liten tilgang på mat og utan noko ventande hotellrom med utsikt over Kvinesdal. Korleis var det i det heile mogleg for så små føter å ta seg fram på tvers av dalføra i indre Agder? 

Stiane vi no følgde, var stort sett godt merka, og undervegs var det sett opp mange plakatar som fortalde historia til somme av barnevandrarane. Kor han eller ho hadde budd, kor dei skulle, kor gamle dei var og korleis det gjekk med dei seinare i livet. Det var unge liv som måtte ut på ei beinhard reise, og likevel var det ei minst like tøff tid som møtte dei når dei kom fram. Lange dagar med hardt gardsarbeid venta. Og det var slettes ikkje alle som kom til snille folk og fekk god behandling på garden der dei til sist fekk seg arbeid. 

Terje og eg vaks sjølv opp på ein gard der det var forventa at ungane tok del i arbeidet frå vi var små. På 1970-talet var vi like gamle som barnevandrarane, og i tid ligg 70-talet mesta like nært slutten av barnevandrarepoken som notida. Sia samfunnsendringa skjer stadig fortare, er det godt mogleg at meir har endra seg frå 1970 til i dag enn frå 1910 til 1970. Vi hyppa potet med hest, vi måtte springe over tunet for å komma oss på utedoen, vi vart bada i stamp på kjøkkenet. Vi klatra ned i og opp av ein 10-12 m høg silo og måla låveveggen oppunder takmønet utan sikring. Slikt ville ikkje gått i dag. 

Passeleg attgrodd
Tankane og praten gjekk lett tilbake i tid der vi vandra langs gamlevegane. Dei som var akkurat passeleg attgrodde slik at det vistes at det ikkje var nokon samferdselsminister frå vår levetid som hadde løyvd pengane – og samtidig i så bra stand at vi kunne gå nokolunde tørrskodd trass i regnvêret. Gjerne over ei og anna steinkvelvsbru som vi kunne bli imponert over. 

«Det beste og mest idylliske å gå på, er kjerrevegar med grønt gras i midten og på sidene, med hjulspor imellom, meiner Inger», fortalde Terje. Inger er kona hans som òg likar å gå på tur. 

«Ja, det er ein hårfin balanse for oss som mislikar nyvegar, asfalt og stygge skjeringar – og som i neste augneblink risikerer å bli skilta ut på ein sti som er så gjengrodd og blaut at vi mest må leggje på svøm», medgav eg.

Passeleg nostalgisk og passeleg idyllisk, vil vi ha det. God skilting, men helst skal ho ikkje leie oss ut i den botnlause myra. Eit par stader var stien så utydeleg at vi kom på avvege og fekk eit par ekstrakilometer på klokka. 

Men vi tok det som kom av både flaum og solgløtt, av omkrokar og toreskrall, av bratte stigningar og lettgått landeveg. 

Og sjølv dei gongene vi kjente oss barske, så visste vi at vi var vandrarar på liksom – utan anna oppdrag enn å gå og oppleva i lag, og kanskje til sist trekkje ein lang samanhengande strek på kartet. 

Ikkje det at det er lite. Men andre gjekk – og går – på ramme alvor. 


Artikkelen stod på trykk i Kondis nr. 10 - 2019

Runar_Gilberg_foto_Terje_Gilberg.jpg
Vona om å komma seg tørrskodd fram forsvann nokså fort. (Foto: Terje Gilberg) 
 

Runar Gilberg (f. 1965) er redaktør for bladet Kondis. Han har hovedfag fra Norges idrettshøgskole og har i en årrekke vært trener i Sportsklubben Vidar. Gilberg er med og arrangerer Rallarvegsløpet, og han har sjøl løpt alt fra 800 m til ultraløp med 2.28.37 som bestetid på maraton.