Førde Rundt vart arrangert for første gong i fjor. No satsar arrangøren Vestland Bedriftsidrett på at dette blir eit årleg løp.

Førde Rundt 2026 for andre gong – satsar på å verte eit årleg arrangement

Med 440 deltakarar og god stemning både i og utanfor løypa under Førde rundt 2025, er Vestland Bedriftsidrett no klare for å ta imot endå fleire i sentrum av Førde 15.august 2026.

Publisert
Dagleg leiar i Vestland Bedriftsidrett Brit-Helen Simmenes er klar for å ta imot endå fleire i sentrum av Førde 15.august 2026.

Dagleg leiar i Vestland Bedriftsidrett Brit-Helen Simmenes siar at dei ser fram til stort engasjement, løpsglede og heiing i årets Førde Rundt.

– Vi har teke med oss tilbakemeldingar frå arrangementet i 2025 og har gjort fleire forbetringar. Vi har endra løypetraseen slik at den skal verte endå betre og raskare, men den går fortsatt midt i Førde sentrum, seier Brit-Helen Simmenes.

– Barneløpet vert lenger, og start og målområdet vert på same stad. Datoen er flytta til midten av august etter ynskje frå deltakarane.

Nye distansar

Nytt i 2026 er Bedriftsstafett og Trippelen. Bedriftsstafetten vil gå i halvmaratonløypa og består av 4 etappar, der ein kan vere 2-4 på laget. Trippelen er ein konkurranse der same person spring alle tre distansar etter kvarandre, og vil då ende med totalt 36,1km.

– Dette er eit felles prosjekt av idretten, kommunen og næringslivet for å skape engasjement og glede i Førde Sentrum, seier Brit-Helen Simmenes.

- Førde rundt 2025 har verkeleg vore ein lagseier med mange bidragsytarar som har stilt opp med midlar, utstyr, premiar og dugnadstimar. Vi er veldig glade og takknemlege for at støttespelarane og er med oss vidare i 2026, seier dagleg leiar i Vestland Bedriftsidrett Brit-Helen Simmenes.

Stort engasjement

– Vi har fått mange konstruktive tilbakemeldingar som vi tek med oss for å gjere Førde rundt til eit endå større og betre arrangement i 2026. Og kommentarar som «Flott arrangement», «Førde treng eit slikt arrangement», «Great atmosphere», så gleder vi oss til å arrangere løp og folkefest i Førde sentrum 15.august 2026!


Powered by Labrador CMS