Elisabeth Fosse fullførte sitt 5. løp for sesongen
Elisabeth Fosse fullførte sitt 5. løp for sesongen

Førti trimmarar stilte til start i Strandebarm

Vått og surt under Vinterkarusellens sjette løp. Det stoppa ikkje den fine gjengen med trimmarar som stilte til start denne januarkvelden.

Publisert Sist oppdatert

Den fine vinteren snudde om til regn denne dagen, men det vart eit bra vinterkaruselløp likevel. Omlag førti løparar til start i dette ruskete veret, er ei heilt grei deltaking. Som vanleg var det ein fin miks av personar i ulike aldrar av begge kjønn.

Det var deltakarar frå Hatlestrand til Norheimsund. Etterpå var det som vanleg trekking av gåvepremiar. Anne Christin Børsheim vann den gjevaste som var eit gåvekort på kr. 500,- til bruk på Mo Sport. SIL-løparane Knut Øystein Fosse, John Olav Måge og Lars Måge var dei fyrste mennene i mål. Blant kvinnene kom Rita Gjerde, Irene Myrvold, Hanna Øygard og Irene Tangerås fyrst. Uansett er det trimmen og mosjon som er det viktigaste på vinterkarusellen uansett plassering over mål. Idrettslaget er svært glade for dei som vil delta, og dette er eit fint mosjonstilbod som høver for alle.

Neste løp vert tysdag 13. februar.

Då er ein allereie komen fram til sesongens nest siste løp. For å gjennomføre vinerkarusellen, må ein delta på minst fem av dei åtte løpa. Då får ein vinterkarusellmedalje og ein er med i trekking om fine gåvepremiar. Hovudpremien er eit gåvekort på kr. 2000,- til bruk hjå Mo Sport i Norheimsund.

VINTERKARUSELL STRANDEBARM 2017 – 2018
6. løp 23. januar 2018. Resultat

LindaAntonesen28,32
RenateBakkely35,13
HåkonBerge22,55
Anne ChristinBørsheim24,31
Hans ArneBørsheim22,56
Liv Berit BruEide22,08
FrodeEspeland19,25
ElisabethFosse23,08
Kitty Marie HåbrekkeFosse23,20
Knut ØysteinFosse15,43
Tor HenrikFosse23,20
Vilde BakkelyFugleberg36,22
RitaGjerde19,57
GreteHjertaker27,43
Adrian KleverKåreid34,41
EllyLauritsen45,30
FillipLauritsen45,30
KristofferLauritsen47,12
ArthurLillefosse25,49
GunnarMundheim32,43
IreneMyrvold20,03
Amalie SvåsandMåge25,26
John OlavMåge15,49
LarsMåge17,16
OveMåge19,13
SolveigMåge40,00
Sondre SvåsandMåge18,52
VeronikaMåge26,59
Agnethe FosseRise33,07
FransSekanina34,20
RinoSekanina34,20
SirilSundfjord36,22
ElisabethSvåsand24,45
SiljeSvåsand29,02
IreneTangerås21,18
HåkonTveit24,03
Vienna FosseVik34,50
HannaØygard21,17
Powered by Labrador CMS