De tre kvinnene på pallen (fra v.): Helena Hope, Kristine Lande Dommersnes og Ragnhild Aarekol.
De tre kvinnene på pallen (fra v.): Helena Hope, Kristine Lande Dommersnes og Ragnhild Aarekol.

Sterke prestasjonar i den 24. utgåva av Langs Åkrafjorden

Neste år ventar jubileumsløpet, når den 25. utgåva av løpet blir arrangert.

Publisert Sist oppdatert

Langs Åkrafjorden vart arrangert laurdag 22. august, og årets løp markerte den 24. ordinære gjennomføringa. Det første løpet gjekk som prøveløp i 2002, og dermed blir det 25. gong også i 2027 – året for det store jubileumsløpet. Deltakarane fekk nær perfekte forhold med 16–17 grader, svak vind og opplett med solgløtt.

Totalt 124 deltakarar stilte til start:

  • 58 trimmarar (gå/sykle)

  • 44 i løpsklassen

  • 23 barn i barneløpet

Kvinneklassen

  1. Kristine Lande Dommersnes, Haugesund IL – 38:30

  2. Helena Hope, Haugesund IL – 41:36

  3. Ragnhild Aarekol, Vindafjord IL – 43:03

Dommernes leverte eit sterkt løp og var berre 12 sekund bak sin eigen løyperekord.

Herreklassen

  1. Lars Lunde, Stord IL – 34:40

  2. Nils Haktor Bua, Spirit Friidrettsklubb – 38:16

  3. Bjørn Ketil Sørvik, Bremnes IL / Seashore Sjø – 40:18

Vinnaren Lars Lunde oppsummerte løpet slik:

Bergprisen etter ca. 2,9 km er det høste punktet på løypa.
Bergprisen etter ca. 2,9 km er det høste punktet på løypa.

«10/10 godt gjennomført arrangement av IF Klypetussen, som vanleg. Imponert over kva ein så liten klubb får til – frå utdeling av startnummer, løypemarking, speaker, barneløp til flott premieutdeling med spennande trekkpremiar. For min eigen del blei det min sjuande deltakelse. Håper kroppen toler tre til, slik at eg får 10. Godt fornøyd med 34.40 i år, som er min tredje beste tid bak 33.49 (2019) og 34.07 (2018). I år er kanskje einaste gongen eg kan hugse å ha motvind innover fjorden. Vinden tok riktignok kun fram til Bergprisen på 2,9 km, men her var eg allereie 32 sekund bak passeringa frå 2019. Dermed løp eg kun 19 sekund saktere solo i år siste 8 km enn ved knalltøff duell mot Ørjan Grønnevig i 2019. Med medvind opp til Bergprisen får me forsøks å sjå 33‑talet igjen til neste år.»

Lars Lunde




Premiar

Folkefest etter løpet.
Folkefest etter løpet.

Det vart delt ut premiar i alle klassar, og ei rekkje trekkpremiar skapte ekstra spenning. Den største trekkpremien, kr 5000, gjekk til Ingrid Stengårdbakken frå Skånevik, takka vere rause sponsorar. I tillegg vart det trekt fleire flotte premiar, mellom anna fem medlemskap i Kondis.

Mot jubileumsløpet 2027

Neste år markerer 25‑årsjubileet for Langs Åkrafjorden. Arrangøren håpar på minst like stor deltaking som i år, og alt ligg til rette for eit ekstra minneverdig jubileumsløp i Åkrafjorden.

Powered by Labrador CMS