Mari Fosse Vaksdal i fint driv på ein kald vinterdag langs Vangsvatnet heime på Voss.

Mari Fosse Vaksdal – frå skiskyttar til maratonløpar

Vossingen Mari Fosse Vaksdal var på toppnivå i skiskyting, men for to år sidan tok motivasjonen brått slutt. Ein morgon vakna ho og kjende at det ikkje lenger freista å dra på skiskyttartrening. Å leggje opp vart eit naturleg val, men å slutte å trene var aldri eit alternativ. I staden bytte ho ut skiskoa med joggesko.

Publisert Sist oppdatert

Intervjuet har stått på trykk i Kondis nr. 1-2026

Intervjuet har stått på trykk i Kondis nr. 1-2026

Mari Fosse Vaksdal

Mari Fosse Vaksdal

Alder: 24 år

Bustad: Bergen

Studiar: Landmåling og eigedomsdesign

Sivil status: Kjærast

Klubb: Bjørgum idrottslag

Trenar: Seg sjølv

Persar: 1.18.47 på halvmaraton og 2.45.40 på maraton.

I starten var springinga mest for moro skuld. Ein fristad der Vaksdal kunne kople av, medan ein podkast eller ein song strøymde gjennom øyreproppane. Men berre nokre månader etter at ho hadde lagt opp som skiskyttar, viste det seg at ho ikkje var så langt bak dei raskaste i kvinneklassa på Maratonkarusellen i Bergen.

For Vaksdal vart det på mange måtar enklare å satse på løping enn skiskyting. Det kravde mindre reising og utstyr, og ho kunne no styre treningskvardagen sjølv. I fjor tok Vaksdal store steg både på heil- og halvmaratondistansen. Under Bergen City Marathon overraska ho med siger på halvmaraton!

– Det var eit lite sjokk. Eg trudde fyrst ikkje heilt på det, seier ho.

Ho kom inn på den gode tida 1.20.24. I fjorårssesongen sprang ho også inn til førsteplass i Bergsdalen opp, tok sigeren og løyperekorden i Vossaton, samt ein tredjeplass på maratondistansen i Oslo Maraton.

Det er ein iskald januardag når vi møter henne ved Vangsvatnet på Voss, bygda ho voks opp i og der familien framleis bur.

Byrja som skiskyttar

Mari Fosse Vaksdal starta med skiskyting allereie i fjerde klasse på barneskulen.

– Det var ein gjeng på skulen som dreiv med skiskyting, fortel ho.

Då fekk Vaksdal også lyst til å byrje med skiskyting. Seinare drog den same gjengen på ein skiskyttarskule, og idretten fengde ho!

– Eg veit ikkje om eg hadde starta viss det ikkje var for lagkameratane.

Ho dreiv med skiskyting fram til ho var 22 år gammal og heldt eit høgt nasjonalt nivå. Vaksdal var ein del av Team Holmenkollen Biathlon, var reserve til junior-VM eitt år og tok to sølvmedaljar i stafett-NM som junior. Likevel opplevde ho at ho aldri nådde heilt til topps.

– Eg mangla kanskje det vetle ekstra, seier ho.

Mista motivasjonen 

Den tidlegare skiskyttaren fortel at ho i 2023 mista motivasjonen over natta. Ein sommardag skulle ho ut på ei rulleskiøkt.

– Etter berre nokre minutt tenkte eg: Dette orkar eg ikkje. Då kjende eg meg ferdig. For å prøve å få motivasjonen tilbake, prøvde Vaksdal å trene mindre i ein periode. Ho reiste også på ei treningssamling for å sjå om det kunne hjelpe, men det var utan hell.

Vaksdal trudde lysta til å satse ville kome tilbake utover hausten, men det skjedde ikkje. Ho sakna det ikkje, og kjende heller ikkje på at ho gjekk glipp av noko.

– Eg har hatt fleire venninner som måtte slutte fordi kroppen ikkje fungerte lenger. Dei har ikkje kjent på den kjensla eg hadde. Så på den måten var eg heldig; det var ikkje kroppen som sa stopp.

– Handla det om at du ikkje følte du fekk utvikling lenger, eller at det ikkje var gøy?

– Eg trur det handla meir om at eg mista to besteforeldre på veldig kort tid. Rett før hadde eg aldri trent så mykje som eg gjorde då, og eg var i topp form.

Lei av rulleski 

Vaksdal dreiv òg med fotball og langrenn då ho var yngre. Iveren etter å vere aktiv har alltid vore der. Då skiskytinga ikkje lenger tok så mykje tid, vart det meir rom for løping. Ho deltok av og til i motbakkeløp medan ho heldt på med skiskyting. Å springe var noko ho likte, men først og fremst som ein del av treninga.

– Då eg la opp, byrja eg å jogge nesten kvar dag. Eg var veldig lei rulleski, så det orka eg ikkje.

Nokre månader etter at ho hadde lagt opp, ville ei venninne ha henne med på eit halvmaratonløp på Fana i Bergen. Vossingen hadde ingen forventningar og hadde vore sjuk veka i førevegen.

– Eg visst ikkje kva eg gjekk til, men tenkte eg kunne vere med for å sjå. Det gjekk mykje betre enn forventa.

Vaksdal sprang inn til tida 1.35.35. Ho vart raskt hekta og ynskte å delta i fleire løp.

– Akkurat når eg spring, synest eg det er heilt forferdeleg. Då tenkjer eg: Kvifor orkar eg å drive med dette? Men etterpå er det godt. Under maratonkarusellen i oktober i fjor sprang ho inn til personleg rekord på halvmaraton med tida 1.18.47, trass i at ho berre seks veker tidlegare hadde sprunge maraton i Oslo. Ho merka at ho ikkje var heilt restituert.

– Eg følte at kroppen ikkje klarte å ta seg heilt ut. Det var som om nokon drog meg litt tilbake, men eg sette jo personleg rekord, så det var veldig overraskande.

Det kom som ei stor overrasking på Mari Fosse Vaksdal at ho skulle vinne halvmaratonløpet i Bergen City Marathon.

Bergen City Marathon

Vaksdal meiner at sigeren under Bergen City Marathon i fjor er den største løpeprestasjonen hennar så langt. Då ho kryssa målstreken, ropa venninner til henne at ho hadde vunne, noko ho hadde vanskeleg for å tru med ein gong.

– Eg hadde ikkje forventa sigeren i det heile teke.

Etter nokre dagar byrja det å gå opp for henne. I år er ho påmeldt på heilmaraton under BCM. Tidlegare har ho deltatt to gonger på halvmaraton i det same arrangementet.

– Det er ei av dei tyngste løypene, med tanke på Fjellveien.

Ho hadde heller inga forventning om å springe inn til bronse under Oslo Maraton i fjor haust. Løpet var også NM i maraton, men der var ho ikkje påmeldt.

– Så eg fekk ikkje NM-medaljen. Det var litt kjipt, så neste gong blir det å melde seg på.

– Har du kjent på noko press i ettertid når det gjeld å prestere?

– Nei, eg trur heller det handlar meir om presset eg legg på meg sjølv.

Studiar og satsing 

Ved sida av treninga studerer ho andre året på landmåling og eigedomsdesign i Bergen. Å lage sitt eige opplegg og velje treningstidene sjølv gjer det lettare å kombinere studium og løping. I tillegg jobbar ho som studentassistent. Studiet tek mykje tid, men ho får likevel lagt inn gode økter i kvardagen.

– Eg er av dei som møter opp på kvar time fordi eg er redd for å gå glipp av noko.

Ho trener også i eksamensperioden, men då er intervalløktene lettare.

– Eg merkar når eksamensperioden kjem, at eg ikkje har den same driven, men så kjem lysta att når eg har fått slappa litt av.

– Korleis synest du det er å kombinere løping og studiar?

– Det har gått greit så langt. Vi har ikkje dei lange studiedagane, så eg rekk å trene før eller etter timane.

Auka treningsmengde

I haust har ho av og til trent to gonger om dagen, og treningsmengda har auka til mellom sju og ni økter i veka. Treninga består av intervalløkter, følgd av rolegare og kortare restitusjonsøkter. I tillegg spring ho langturar, noko ho likar best. Ho opplever at restitusjonsøktene gir betre kvalitet på treninga dagen etter.

Det er lite styrketrening i treningsprogrammet, sjølv om ho er klar over at det er noko ho burde ha gjort meir av.

– Eg synest styrketrening er veldig kjedeleg.

Motivasjonen for å drive med løping handlar for Mari først og fremst om løpeglede.

Det er lystbetont, og eg gjer det eg har lyst til.

Trener seg sjølv

Vossingen lagar sitt eige treningsopplegg, basert på erfaringane frå idrettsgymnaset og skiskyttertida.

– Eg har lært å trene meg sjølv, og etter mange år kjenner eg kroppen min godt.

Ho tilpassar programmet til studiekvardagen og varierer mellom ulike typar intervalløkter.

– Nokre veker har eg terskelintervall med lengre drag, og andre veker køyrer eg kortare og hardare drag.

Ho trenar for det meste åleine, men når ho spring på mølla, har ho gjerne med seg venninner eller kjærasten.

– Dei synest det er kjekt å trene med meg sjølv om dei ikkje held same tempo. På mølla kan alle springe i sitt eige tempo og likevel gjere økta saman.

Vaksdal synest det fungerer fint å lage sitt eige opplegg, men innrømmer at det òg har nokre ulemper. Ho tilhøyrer førebels klubben Bjørgum idrottslag.

– Eg har jo ingen eg kan spørje om treninga, og eg har merka sjølv at eg kanskje skulle finne nokon å trene saman med.

Nøkkelen til utviklinga

– Kva trur du har vore nøkkelen til utviklinga di som løpar?

– Eg trur det har mykje å seie at eg synest det er kjekt, og at eg har med meg ein solid treningsbakgrunn frå skiskyting.

Til andre som ynskjer å byrje å springe, eller som vil bli betre, har ho eit tydeleg råd:

– Ikkje start med å trene kvar dag. Bruk tid på å byggje opp mengda, elles kan du gå på ein smell. Mange melder seg på eit løp og gir alt, blir skadde og veit ikkje kva dei går til.

Då Vaksdal sjølv byrja å springe, hadde ho ikkje dei lange turane ho har i dag på opptil 30 kilometer. Ho legg vekt på å trene opp beina gradvis slik at kroppen toler belastninga.

Når det gjeld motivasjon, er familien hennar viktigast:

– Dei stiller opp på alt. Mamma er alltid med under løp og heiar, og eg trur dei synest det er kult å sjå på.

Målet hennar for i år er å satse meir på heilmaraton.

Mari Fosse Vaksdal spring lett mot nye mål.
Powered by Labrador CMS