Frå starten på halvmaraton frå Nordvest Maraton 2025, inne på Hareid Stadion

Nordvest Maraton i medvind – blir arrangert for 36. gong

Ingen andre maraton på Sunnmøre har halde det i gang like lenge samanhengande, og pilene peikar oppover. Årets løp går laurdag 22. august. I år står også ein ny distanse på programmet.

Publisert

Frå PR-medarbeidar Einar Orten Trovåg i Hareid IL har vi motteke følgjande innlegg på internettet:

Flott løype

Nordvest Maraton har blitt kalla det vakraste maratonløpet i Norge. Løypa går i naturskjønne omgjevnader i Hareid kommune. Ein skal til dømes springe langs Grimstadvatnet og rundt nesten heile Snipsøyrvatnet, to turistattraksjonar. Og ikkje berre er det mykje flott natur å sjå på. Du får også oppleve ei variert løype med både grus og asfalt (og bittelitt tartan), der det både går mykje bortover og litt opp og ned her og der.

God deltaking

Nordvest Maraton har hatt sine bølgedalar i deltakinga gjennom 36 år, men har opplevd veldig god framgang dei siste åra.

Fem av dei seks siste utgåvene har hatt 87 eller fleire deltakarar på heil- og halvmaraton. I 2020 deltok heile 127 på desse to distansane, noko som var ny rekord. 97 i fjor var heller ikkje så verst.

Nyvinning

I 2020 innførte vi også ein ny variant: mosjon utan tid. Ei ganske fast gruppe har gått løypa (nokre har også jogga) utan at nokon tek tida på dei. Dei har også fått medalje.I år kjem endå ein ny variant: 5 kilometer med tid.

Nokre har lyst til å springe, men synest kanskje 21 kilometer er litt langt. Då er 5 kilometer midt i blinken. Denne varianten går også på både asfalt, grus og tartan – men løypa er i all hovudsak paddeflat. Hareid IL oppmodar spesielt dei unge til å melde seg på denne distansen. Også her blir det sjølvsagt medaljar til alle som fullfører.

Hafsås i tet

Det viktigaste med Nordvest Maraton er jo sjølvsagt å få med seg breidda.Men ein kjem heller ikkje vekk frå at nokre er meir ambisiøse enn andre.

På heil distanse er det ingen som har vore kjappare enn Helge Hafsås frå Olden, som sprang i mål på tida 2.33,03 i 2006. Det var i den gamle løypetraseen. Løyperekorden for kvinner var det Hareid ILs eiga Therese Falk som sette i 2021. Tida ho fekk laud på 3.08,05.

Berry van den Bosch, Strindheim er beste kvinne på halv distanse. I 1996 fekk ho tida 1.28,08. Beste mann på halv distanse er Oddbjørn Skogen, som i første året løpet var arrangert (1991) slo til med tida 1.09.35.

Men i 2021 var ikkje ørstingen Sjur Haug langt unna å ta den, då han sprang inn på 1.09,50. Kanskje nokon andre prøver seg på Skogen sin «uslåelege» rekord i år? Eller kanskje prøver Haug seg igjen? I fjor fekk Haug tida 1.10,10. Om han held seg skadefri luktar han kanskje på rekorden atter ein gong?

Tidleg på runden går løpet på grusveg gjennom myrområde. Her ser vi vinnaren av maraton på løpet i 2025, Karl Idar Vik
Tidleg på runden går løpet på grusveg gjennom myrområde. Her ser vi vinnaren av maraton på løpet i 2025, Karl Idar Vik

Påmelding

Også nytt av året er at påmeldinga skjer på Raceresult: Påmelding

Her kan ein følgje med på kven som har meldt seg på:  Deltakarar

Alle får ein flott deltakarmedalje. I tillegg blir det premiering av beste tredjedel i kvar klasse – inntil tre premiar i kvar klasse.

Tidspunkt

Datoen er laurdag 22. august. Heilmaraton startar klokka 11.00, 5 kilometer klokka 11.15 og halv klokka 12.45. Det er også mulig å delta utan tid på alle distansar. Då startar ein helst klokka 11.00.

Meir info om løpet finn ein på vår heimeside

Løpet har ein skikkeleg motbakke. Det er Ulset-bakken, vel halvveis på runden. Her frå løpet i 2025
Powered by Labrador CMS