Storehaugen Opp 2026. Karoline Holsen Kyte vinner dameklassen på ny løyperekord.

Karoline Holsen Kyte sette løyperekord i Storehaugen Opp

Storehaugen Opp samla både EM-jagande eliteløparar og over hundre mosjonistar Kristi himmelfartsdag. Johan Bugge var raskast av alle, medan Karoline Holsen Kyte knuste den 13 år gamle løyperekorden i den bratte motbakken i Lærdal.

Publisert Sist oppdatert

Friidrettsgruppa i Lærdal IL arrangerte Storehaugen Opp for 16. gong Kristi himmelfartsdag 14. mai. Motbakkeløpet er 3,7 kilometer langt med ei stigning på 25 prosent, og årets utgåve fungerte samstundes som uttaksløp til EM i fjelløp. Det lokka fleire sterke tilreisande løparar til Lærdal.

Johan Bugge vant herreklassen.

Totalt stilte 84 deltakarar i konkurranseklassa. Raskast av alle var Johan Bugge frå Eidsvåg IL, som vann på 33.24. Bak vinnaren vart det ein tett kamp om andreplassen. Torstein Tengsareid frå Egersunds IK sikra seg andreplassen med tre tidelar til gode på Aron Rodal Haugen frå Trollheimen Fjellsportklubb. Begge fekk tida 36.16, men Tengsareid vart klokka inn på 36.16,0 mot Haugen sine 36.16,3.

Spurtoppgjør om 2. plassen. Torstein Tengsareid (34) vant den duellen foran Aron Rodal Haugen.

I kvinneklassa vart det sett ny løyperekord. Karoline Holsen Kyte frå Førde IL sprang inn til sterke 37.13. Dermed slo ho den tidlegare rekorden til Kirsten Marathon Melkevik på 37.24, som hadde stått sidan 2013. Kyte vann også løpet i fjor og forbetra vinnartida si med 32 sekund. Med den prestasjonen hadde ho den sjette beste tida totalt av alle som fullførte løpet.

Eli Anne Dvergsdal kommer på 2. plass.

Andreplassen i kvinneklassa gjekk til Eli Anne Dvergsdal frå Fana IL på 41.01, medan Linnéa Hove frå BFG Bergen Løpeklubb tok tredjeplassen med 42.15.

Storehaugen Opp 2026. Linnéa Hove kommer på 3. plass.

I tillegg deltok 130 mosjonistar i årets Storehaugen Opp. Vêrmeldinga såg lenge dårleg ut, og dagen starta med duskregn i bygda og snøbyer på toppen. Utover dagen letta vêret, og forholda vart langt betre enn frykta.

På toppen samla mange seg ved lavvoen for å få varme i kroppen med ein kaffikopp, og stemninga var god. Mosjonistane tok også godt imot løparane som kjempa seg slitne over målstreken.

Arrangøren var svært nøgd med både deltakinga og stemninga rundt arrangementet.

– Tilbakemeldingane har vore veldig gode, sjølv om fleire meinte det var brattare enn i fjor, seier løpsleiar Bjørghild Holien med eit smil.

Ho rettar også ei takk til deltakarar, funksjonærar og publikum – og ønskjer alle velkomne tilbake neste år.

Resultatlister

Bogusia Zwolinska og Linda Hillestad Linga.
Anders Inge Hundere.
Leni Økland kom på 4. plass totalt i kvinneklassen. Her i følge med en videofilmende "husbond" Bjørn Tore Kronen Taranger.
Siri Lill Kristiansen og Line Fosheim.

-

Powered by Labrador CMS