
Oss konkurranseglade imellom
Det finst mange gleder i livet, og for mange av oss som likar å springe, er konkurransegleda ei av dei større.
Artikkelen har òg stått på trykk i Kondis nr. 3 - 2021.
Dette er ein kommentar. Kommentaren gir uttrykk for skribenten si meining.
I går sprang eg med ein som fortalde at han dagen i førevegen, på ein springtur i skogen, hadde treft på ei som vi begge kjenner. Han helste frå henne og la til at ho hadde sagt at ho sakna konkurransane. For eiga rekning kan eg leggje til at ho har konkurrert på godt nasjonalt nivå og vori flittig med på løp i tre av dei fire tiåra ho har levd.
Sjølv har eg vori med på organiserte løp i 40 år – heilt sia eg byrja på gymnaset. Terrengløp, baneløp, gateløp, ultraløp, stafettar, ja til og med eit par virtuelle løp det seinaste året.
Potetopptaking
Da eg budde på Ytterøya, lånte vi bil og tok ferga over fjorden for så å køyre til Steinkjer, Namsos eller Leksvika for å springe i nokre få minutt, gjerne ein 800 eller 1500 m.
Da eg gjekk på Valdres følkehøgskule på Leira tok eg og ein medelev bussen ned Begnadalen for å springe Buvassløpet. Bussane gjekk så sjeldan at vi kom fram 6 timar før start. Ein lokal bonde tilbaud oss å hjelpe til med potetopptakinga medan vi venta. Helene og eg takka ja og fekk ei meiningsfull oppvarming til det 12 km lange skogsløpet.
Da eg var sivilarbeidar i Meløy, tok eg bussen til Bodø – 13 mil kvar veg – for å vera med på Nordlandspostmila eller B&OI-gampen. Under studiedagane i Bø og Kristiansand reiste eg tur-retur Oslo med tog for å prøve å sette pers på 3000 eller 5000 m på kveldsstemne på Bislett. Gjærlukta frå Frydenlund og speakerrøysta til Jan Hemsvik – «Ta av!» – heng enno i.
Samstundes vart det òg mange enda lengre reiser – til Berlin, København, Chicago, Chamonix – for å konkurrere. Fort eller sakte, fullført eller broti, i sol eller regn – reisa var uansett verdt det. Ikkje minst fordi ho så godt som alltid gjekk føre seg i godt selskap.
Vennane eg reiste med var ofte konkurrentar ca. på mitt eige nivå. Men det at det var litt kappestrid innblanda, øydela aldri den gode stemninga.
Nokon å feire
Idrettsfolk blir gjerne skulda for å vera konkurransefikserte, og underforstått vanskelege å ha med å gjera. Det finst heilt sikkert slike, og eg er ikkje i posisjon til å frita meg sjølv.
Men slik eg har opplevd den konkurranseglade delen av løpsmiljøet, så er evna til å glede seg òg over andre sin framgang stor. Og vanlegvis er ein konkurrentar berre frå startskottet går til målstreken er passert. Før ønsker ein lukke til, og etterpå gled ein seg med dei glade og finn alltids noko(n) å feire.
Da eg på slutten av 80-talet studerte ved Kristiansand Lærarhøgskole, hadde eg ein kamerat som først hadde gått på grunnfag musikk og som etterpå tok grunnfag idrett. Han nemnde fleire gonger kor befriande det var å komma frå det konkurransefikserte musikkmiljøet til det leikande idrettsmiljøet.
«Men er det ikkje mykje meir konkurranse på idrettslina enn på musikk», spurte eg?
«Jau, på idrett er det konkurranseaktivitetar mesta heile tida, men vi konkurrerer berre mens vi konkurrerer. På musikk var det aldri konkurransar, men konkurransementaliteten gjennomsyra heile miljøet. Sjølv om vi aldri måla det, så var det ein underforstått konkurranse om å spele best, om å sikre seg spelejobbar, om å bli anerkjent. På idrett berre leikar vi.»
Ufarleg måte
Kanskje kan det vera ei god side ved idretten – at vi får teki ut konkurransetrongen på ein ufarleg og leiken måte, litt ved sida av livet elles. I staden for at heile livet blir en vag konkurranse der vi skuler mistenksamt på kvarandre, har vi ein avgrensa konkurranse med definerte reglar. Og så er vi ferdig når vi er ferdig.
Det siste året har det vori mindre konkurranseleik enn vanleg. Sjølv vi som har konkurrert i både 30 og 40 år, saknar det. Ikkje først og fremst fordi vi treng å vise oss fram. Men fordi vi likar sitringa før start, kjempinga undervegs og gleda etterpå.
Og ikkje minst fordi vi likar å møtast. Utan likesinna å leike med blir livet fattig.
Kondis trenger din støtte
Takk for at du er medlem og slik bidrar til at Kondis kan fortsette å spre treningsglede, skrive reportasjer, lage terminlister, kontrollmåle løyper, føre statistikker osv. På grunn av koronakrisen har store deler av annonseinntektene falt bort, og vil du gi oss et ekstrabidrag, vil vi være takknemlige for det.
Gi en gave:
Vårt kontonummer er: 1503.35.18541
Vipps: 125957