X-faktoren i treningsmodellen
Fire norske triatletar har sidan 2022 debutert i Ironman-VM med å ta gull. Mange spør seg kva årsaka til ein slik suksess kan vera. Finst det ein X-faktor i den norske treningsmodellen?
Dette er ein kommentar. Kommentaren gir uttrykk for skribenten si meining.
Artikkelen har stått på trykk i Kondis nr. 8–2025.
Det er løpedelen av nettmagasinet Outside som spør – og som prøver å gi eit svar. Kortversjonen er at det ikkje berre handlar om eit strikt treningsregime med jamleg testing, doble terskeløkter og nitid styring av intensiteten, men om noko meir grunnleggjande.
Den amerikanske artikkelforfattaren Abby Levene skildrar det som har hendt i Ironman-VM dei seinare åra, slik:
«Ein går ikkje berre hen og vinn Ironman-VM i debuten. Og fire sigrar i fire debutar er ein eineståande prestasjon for kva land som helst, og enda mykje større for eit land med berre 5,6 millionar innbyggarar – 300 000 færre enn delstaten Colorado.»
Oppsiktsvekkande
Så skal det seias at sjølv om det vart gull i VM-debuten for Solveig Løvseth, Casper Stornes, Kristian Blummenfelt og Gustav Iden, så hadde alle fire prøvd seg på Ironman-distansen før dei var med i VM – utan at det gjer prestasjonane deira særleg mindre oppsiktsvekkande. Mange i kondisjonsmiljøet verda over lurer på kva som kan vera forklaringa på at eit så lite land kan få fram fire verdseinarar på så kort tid.
Den norske treningsmetoden har fått mye merksemd òg internasjonalt. Mellom anna er den grundig omtala i Brad Culp si bok, «The Norwegian Method – The Culture, Science and Humans Behind the Groundbreaking Approach to Elite Endurance Performance». Der er det nettopp ein triatlet, Kristian Blummenfelt, som er avbilda på framsida, og 4 av 17 kapittel handlar om triatlon.
Journalisten i Outside meiner likevel at det må vera noko meir enn den svært så vitskapelege tilnærminga som gjer dei norske utøvarane så gode, ikkje minst i ei så langvarig og krevjande øving som Ironman. Da Solveig Løvseth tok VM-gullet sitt i oktober, var det to kvinner som lenge låg framføre henne i det avsluttande maratonløpet. Begge braut, medan Løvseth heldt seg springande og vann.
Introverte slitarar
Abby Levene, som sjølv har vori triatlet på høgt nivå, peiker på det ho kaller «fun-faktoren». Basert på si eiga erfaring meiner ho at svært mange triatletar er introverte slitarar. Ja, ho går så langt som å meine at det å vera introvert kan vera ein fordel:
«Det krev ein type A-personlegdom å kunne ha den organiseringsevna og disiplinen som trengs for å trene for tre greiner samstundes. Ein idrett som krev 20 til 35 timar med trening i veka, der en stor del av den går ut på å stirre på den svarte lina i botnen av bassenget eller på den kvite lina i vegkanten, nærmast ber om einstøingar, introverte og dei med nokre lause skruar.»
Overraskinga var difor stor da ho møtte Kristian Blummenfelt og Gustav Iden før Ironman-VM på Hawaii i fjor, og ho fann ut at dei var utåtvende karar med kjappe replikkar og smilet på lur. Etter VM-sigeren no i haust uttalte Solveig Løvseth følgjande om landslagskollegaene sine:
«Dei er veldig seriøse med treninga si, men dei har ei overraskande avslappa haldning, noko som gir ein mykje artigare måte å leva triatlonlivet på.»
Om si eiga oppkøyring til VM-konkurransen var Løvseth klar på at det ikkje berre hadde vori blodslit med lange, sugande økter og nøye planlagt kvile mellom slaga.
«Eg hadde det veldig gøy på treningsleiren før dette løpet. Sjølvsagt trena eg bra, men eg hadde det òg veldig kjekt. Eg har aldri vori mindre stressa på løpsmorgonen enn det eg var no.»
Vennskap
Casper Stornes fortalde etter VM-sigeren sin i Nice at fellesskapet med treningskameratane hadde vori av uvurderleg verdi.
«Gustav og Kristian er òg utanom triatlonlivet dei beste vennane mine. Dei har bori meg gjennom stort sett kvar einaste økt.»
Ein nøkkel ser altså ut til å vera å trene saman med folk ein blir inspirert av og har det morosamt saman med. Det er ikkje utan grunn at utøvarar i individuelle idrettar som triatlon, springing og langrenn søkjer saman i treningsgrupper. Slitet blir gjerne opplevd som mindre slitsamt når ein har nokon å slite i lag med. Gleda og oppturane blir større når ein har nokon å dele dei med.
Overalt på alle nivå
Å kalle dette «X-faktoren i den norske treningsmodellen» er nok å overdrive – for gleda finst tilgjengeleg overalt og på alle nivå. Men mykje av den framgangen vi har sett i både topp og breidde i norsk kondisjonsidrett dei seinare åra, har sprungi ut av solide treningsfellesskap. Seier ein «Team», så er det langt fleire ord enn «Ingebrigtsen» som kan vera det neste. Store og små treningsmiljø der ein heiar på kvarandre, er å finne i både by og bygd, på elitenivå og lenger bak i feltet.
Delt glede er gjerne dobbel glede, medan delte sorger fort blir halvert i storleik. Og det viktigaste med å sleppe til idrettsgleda er at det gir reisa mot målet verdi. Med glede som ballast vil timane, månadene og åra med trening ha verdi sjølv om ein ikkje skulle ende opp som verken verdsmeister eller kretsmeister.
Ein eg kjenner bruker seie det slik: «Vinnaren er den som har det gøyast.»