Erslandsvatnet i Kvinnherad i Sunnhordland er ca 1.5 km langt og smalt. Idrettslaget Ternen er mest kjent for ski, og eit flott skianlegg i Tveitedalen, skilt frå Åkrafjorden – og E-134, med flotte, høge fjell derimellom Ulvanosi 1248 m.o.h.

Varden Opp har vore ei av tilskipingane til IL Ternen. No ville dei prøva eit «flatløp». Dugnadsfolk hadde laga fleire bruer over myrane på nordsida av vatnet. Trass i eit regnskyll natt før løpet, kunne ein springa tørrskodd. I den vesle skulekrinsen Skarveland med 32 elevar frå 1. – 7. klasse, yra det med trimmarar langs løypa. Og dei var utruleg flinke til å heia løparane fram!

IMG_0020.jpg
Fire flinke jenter i klasse 8 – 15 år: Runa Kopperud, Inga Saghaug, Mathea Askeland og Mathilde Fludal Saanum.

Resultatliste Erslandsvatnet rundt, 8-15 år:

Startnr. Navn Klubb Klasse Tid
1 Mathea Askeland IL Ternen K10 26:15
2 Mathilde Fludal Saanum Varegg Fleridrett J9 28:19
3 Inga Saghaug Ternen K10 28:51
4 Runa Kopperud Ternen K11 28:52

Alle resultater Erslandsvatnet Rundt

Marianne Korsvold, Uskedal IL suverén i kvinneklassen

17:03 på 3.7 km der ein stor del gjekk over myr pluss bakke opp og ned. Ein flott prestasjon av den fyrste vinnar av kvinneklassen. 4 deltakarar

Vinnar Marianne Korsvoll til vestre og nr 3 i kvinneklassen Anne Elisabet Skjold (msolbriller).jpg
Vinnar Marianne Korsvoll til vestre og nr 3 i kvinneklassen Anne Elisabet Skjold.

Resultatliste Erslandsvatnet rundt, kvinner 16-100 år:

Plass Startnr. Firstname Surname Klubb Klasse Tid
1 53 Marianne Korsvold Uskedal IL K41-50 17:03
2 47 Martha Teigen Varanes DIMMELSVIK K31-40 20:21
3 45 Anne Elisabet Skjold If Klypetussen K41-50 24:31
4 51 Mariann Hegg HOF K31-40 28:12


Tilskipar Johannes Heien var raskast i herreklassen

14.04 på 3.7 km med mykje sti og terreng og 70 høgdemeter er ein solid prestasjon. Han var kjend for Kondis sin utskremde, men nr 2, også med solide 14.53, Emil Solli Stafsnes, Uskedal IL (granneklubb i Kvinnherad) var ikkje kjend for denne reporteren, som for øvrig var 17. og sistemann i mål i herreklassen.  

Start og mål ved Skarveland skule, med premieutdelinga i bygdehuset 300 m borte i gata. Her var det kafé med gode kaker, saft og kaffi, og veldig hyggelege funksjonærar. Blide funksjonærar er kanskje det viktigaste av alt for at folk skal koma att.

De tre beste i herreklassen.jpg
De to beste pluss femtemann: Emil Solli Stafsnes, Johannes Heien og Harald Saghaug.

Resultatliste Erslandsvatnet rundt, menn 16-100 år:

Plass Startnr. Firstname Surname Klubb Klasse Tid
1 44 Johannes Heien IL Ternen M31-40 14:04
2 43 Emil Solli Stafsnes Uskedal IL M31-40 14:53
3 55 Alexander Ødegård Fludal Varegg Fleridrett M31-40 15:37
4 48 Benjamin Hus Ripel Søral B.I.L M21-30 16:04
5 39 Harald Saghaug Il-Ternen M31-40 16:13
6 40 Kristoffer Pedersen Kvinnherad Sykkelklubb M21-30 16:57
7 38 Magnus Haga Lyngbakken Pust og pes M31-40 18:16
8 56 Rune Andre Nistad HALSNØY KLOSTER M31-40 18:34
9 52 Steinar Lillevik STORD M31-40 19:30
10 46 Vegar Saghaug IL Ternen M41-50 19:46
11 54 Gunnar Vaage IL Trio M61-70 19:50
12 50 Åsmund Fagna MYKING M31-40 20:03
13 36 Håkon Askeland il Ternen M41-50 21:08
14 37 Iver-Andreas Blokkum IL Ternen M31-40 21:15
15 42 Harald Måge IF Klypetussen M61-70 24:24
16 49 Iver Blokkum SANDVOLL M61-70 24:50
17 41 Gisle Sellevold IF Klypetussen M71+ 31:53


«Dette må me gjenta til neste år»

Jo, tilskiparar og deltakarar var samstemte i det fine veret. Det fyrste Erslandsvatnet Rundt var absolutt vellukka. Med litt tidlegare PR, og litt færre lokale løp å konkurrera med, vil deltakartalet sannsynlegvis mangedoblast.

Og han som strevde seg sist i mål av alle, kunne stemma i at dette var suksess.

I den vakre kommunen KVINNHERAD bur det litt over 13.000 innbyggjarar. Her er det store aluminiumsverket Søral, den vesle Åkrabygda med det flotte Åkraløpet, Trebåtbyggeriet, og det kjende baroniet i Rosendal med rosehagen og mange, mange konsertar i sommarsesongen.

IMG_0018.jpg
Deltakararane i Erslandsvatnet Rundt samlet på ett brett.