Jølster Maraton er "Kvalitetsløp" som gir Kondis-medlemmer kr 50 i rabatt på maraton og halvmaraton og kr 25 på dei andre distansane. Alle distansane er kontrollmålte og gode resultat kjem på Kondis-statistikkane.
Pressemelding:
Første laurdag i juli er det som vanleg klart for Jølster Maraton - i år for 30.gong. Med andre ord: Eit jubileumsår og noko som viser at vi er ein av veteranane innanfor dette i Norge.
Påmeldingane er på full fart inn og det ser ut til å gå mot eit godt deltakartal. Kanskje betre enn fjoråret då ca 220 konkurranseløparar var med. Det skulle tilseie at ca. 60 løparar stiller til start på heil maraton og ca. 90 på halv maraton. Dei to andre distansane, 10 km og 5 km, er verre å tippe, då veldig mange bestemmer seg same dag for om dei skal stille eller ikkje.
(Pressemeldinga held fram nedanfor biletet)
NM i maraton har noen ganger vært innlagt i Jølster Maraton. Bildet er fra det siste NM i Jølster i 2008 med Bjørn Gjerde, i helene på Siv Barstad Rougier, som tok andreplassen i NM. Bjørn løper i år maratondistansen i Jølster for 28. gang. (Foto: Kjell Vigestad)
(Pressemeldinga - resten):
Ut frå dei vi har påmeldt er det vanskeleg å tippe nokon favoritt. Helge Hafsås, som har vunne heilmaraton på Jølster flest gonger, er ikkje påmeldt enno, men ryktet seier at han kjem. Gjer han det er han nok i favorittsjiktet, sjølv om han no vert meir og meir trua av yngre folk.
Elles har ei lokal "stjerne" innanfor langdistanseløp, 20 år gamle Marius Vedvik frå Førde, annonsert rekordforsøk på 10 km. Rekorden har Bård Lyngnes frå Voss som i 1987 sprang på 31.03.
I snart 10 år no har alle løp gått føre seg på fylkesvegen på sørsida av Jølstravatnet. Grunnen til at vi ikkje spring rundt vatnet er først og fremt sikkerheita til løparane. Trafikken på E39 har auka veldig siste åra. Det er som vanleg Vassenden som er stemnestaden, der er målgang, stemnekontor, garderobar og bussavgangar.
Dersom veret, og spesielt vinden er gunstig, er løypa i Jølster rekna som ei av dei raskaste i Norge. Vermeldingane for kommande helg er gode, og det er for så vidt ikkje noko bombe, då vi av ein eller anna grunn ofte har hatt
sommarens varmaste helg akkurat den helga Jølster Maraton er! Vi håpar likevel at vi unngår tropevarmen.
Som sagt så er det 30. gongen vi arrangerer Jølster Maraton. 6 personar har delteke alle åra – alle i sykkeltrimmen og alle er lokale folk frå Jølster. Kjekt er det å registrere at den mannen som har flest maratonløp på Jølster, Bjørn Gjerde, nok ein gong stiller til start. I år for 28. gong!
Med det vil vi ynskje alle velkommen til ei fin helg på Jølster. Sjå elles heimeside for meir info.
Venleg helsing
Johnny Solheimsnes
Jølster maraton, heimeside
Facebook
Jølster kommune
Noen tidligere kondis.no-reportasjer fra Jøster Maraton:
Drømmedag 07.07.07 i Jølster
Henrik Sandstad suveren i maraton-NM i Jølster
Audhild Hestad satte pers og tok NM-tittelen
Kanskje kommmer kongen: Ingen har flere seire i Jølster Maraton enn Helge Hafsås. Løypa går tett ned mot Jølstervannet det meste av veien og er flat med unntak inn mot runding halvveis. Og på en slik drømmedag er det utrolig vakkert langs vannet. (Foto: Kjell Vigestad)

Jubileum for Jølster Maraton
Går for 30. gong
Kanskje kjem Helge Hafsås i år også? Bjørn Gjerde (bilete) spring for 28. gong. Her er ei utfyllande pressemelding frå arrangøren.
Siste medlemssaker
Annonse