7. januar gjekk årets fyrste vinterkaruselløp av stabelen. Det var mildt og fint føre, men ganske mykje regn denne kvelden. Litt vind var det òg. Men i underkant av femti karuselldeltakarar var på plass. Det var som vanleg trimmarar i alle aldrar. Innsatsen var framifrå blant dei alle. Av dei som stiller på start for å springe raskt var igjen Sunniva Steine raskaste jente, føre Amalie Svåsand Måge og Torild Kveberg. Blant gutta var det Sondre Svåsand Måge som kom fyrst, føre hans onkel Ove. Mikal E Børsheim var tredjemann i mål.

Det var jamnt over greie tider på deltakarane. Men regn og litt vind, la nok ein dempar på moglegheitene til å oppnå dei store resultata. Etterpå var det trekking av gåvepremiar blant kveldens deltararar. Vinnarar av diverse premiar vart Grethe Hjertaker, Triana K Nerhus, Monica Rinde Oma og Benjamin Stave Mjåtvedt. Hovudpremien på kr. 500,- til bruk på Mo Sport i Norheimsund, var det trufaste Turid Lid som vann. Det var vel fortent. Dette var det femte løpet denne sesongen. Om tre veker er det nytt løp. Då er ein komen til 28. januar, og løpet startar som alltid klokka 19.
 

VINTERKARUSELL STRANDEBARM 2019-20
Resultat 5. løp, 7. januar 2020

Kirsten Aase 38,40
Håkon Berge 22,26
Trond Inge Brakestad 19,05
Anne Christin Børsheim 25,29
Mikal E Børsheim 17,45
Liv Berit Bru Eide 22,26
Frode Espeland 18,21
Magnus Tufta Flotve 19,45
Kitty Marie Håbrekke Fosse 36,39
Magne Fosse 30,46
Tor Henrik Fosse 36,39
Kjell Martin Fugleberg 30,55
Vilde Bakkely Fugleberg 30,58
Grethe Hjertaker 29,26
Ketil Karlsen 21,24
Torild Kveberg 18,23
Mette Lammedal 25,16
Turid Lid 28,42
Arthur Lillefosse 25,35
Simen Lillefosse 19,05
Anne Fredheim Magnussen 38,40
Hanne Meyer 25,14
Benjamin Stave Mjåtvedt 26,12
Amalie Svåsand Måge 18,17
Ove Måge 16,12
Solveig Måge 41,50
Sondre Svåsand Måge 14,36
Knut Johan Nerhus 26,30
Reidar Nerhus 19,24
Triana K Nerhus 24,20
Liv Nærnes 26,49
Monica Rinde Oma 20,49
Elisabeth Fosse Rise 24,09
Jan Helge Romarheim 26,33
Franz Sekanina 31,06
Rhino Sekanina 31,06
Sunniva Steine 17,36
Bodil Stranden 28,42
John Svahn 22,08
Silje B Svåsand 30,57
Arvid Tangerås 22,22
Irene Tangerås 22,02
Sigrun Tufta 21,25

 

20200107_192421.jpg 
Sondre Svåsand Måge etter målgang.