Heirsnosi Duatlon (HD) , frå 0 1010 moh. HD er ein hard duatlon og ei stor naturoppleving( bilde til venstre er frå målpunktet med utsikt over Øvre Årdal). Høgdeskilnaden på 1010 meter mellom start og mål kan nok gje eit litt feil fyrsteinntrykk i høve løypas styrkenivå. Løypetrasen: Ein startar ved praktfulle Hjellefossen i Utladalen med 15 km sykkling, der dei 10 fyrste km er flatt! Deretter ber det oppover Rv. 53 frå Årdal mot Tyin i sterk stigning. Oppe på den såkalle 400 meteren har ein tilbakelagt 15 km på sykkel, før har ein løpsdistanse igjen på 6,2 km ( og 610 høgdemeter). Total lengde er 21,2 km. Vel oppe på Heirsnosi (1000 metern) har ei eit formidabelt skue innover Jotunheimens tak og ned mot Årdalsvatnet, som er forlenginga av Sognefjorden! Dei 15 km på sykkel går på brei asfaltert veg, og springing mot toppen går på gammal grusveg. Heirsnosi Duatlon blir arrangert kun som individuell konkurranse med tidtaking. Mosjonsløpet Heirsnosi Opp (MHO), frå 400 1010 moh. Starten for mosjonsløpet er 400 moh, ved vekslingsfeltet for duatlon ved den såkalla 400 metern. Heirsnosi Opp blir arrangert både med trim/mosjonsklassar utan tidtaking og med konkurranseklassar med tidtaking. HO føljer same løype som løpsetappa i HD. NB! Deltakarar skal ha sekk med minstevekt 2,5 kg. Gjeld begge konkurransane! Starttid Heirsnosi Duatlon: Kl. 15.30 Kl. 15.30 går fellesstarten for Heirsnosi Duatlon i Utladalen, ved Hjellefossen utanfor Utlastova. Heirsnosi Duatlon blir i 2006 arrangert kun som individuell konkurranse for menn og kvinner med minstealder 16 år. Starttider - Heirsnosi Opp: Konkurranseklassar (Min 16 år): Kl. 15.30 Trim-/Mosjonsklassear utan tid (Min.10 år!): Frå kl. 13.30 15.15 Det er fellesstart for konkurranseklassane i Heirsnosi Opp ved 400 meteren på Rv 53.. Nedre aldergrense er 16 år (f. 1990 ). Merk: Det vil være shuttlebuss som tek alle deltakarar opp frå sentrum (torget) i Øvre Årdal. Desse går frå kl 13.15 og inntil start for konkurranseklassar. Det er valgfri starttid for trim/mosjon utan tidtaking i Heirsnosi Opp frå 13.30-15.15. Her er nedre aldersgrense 10 år (f. 1996). Ein vonar at dei aller fleste vil starte så tidleg som råd for å være på toppen i målområdet for å sjå innspurten i konkurranseklassane. Startkontingentar: Heirsnosi Duatlon: kr 300,- Heirsnosi Opp: kr. 150,- (alle klassar). Heirsnosi Opp, under 16 år; kr. 100,- Kontingent innkluderar: Konkurranseklassar: Deltaking - Premie ved fullføring til ALLE - nytting av frukt/drikkestasjonar Trim: Deltakarpremie drikke ved målgang Påmeldingsfrist for AKTIVE klassar er 05. mai 2005:(Trim: Påmelding fram til start) Oppdatert påmeldingsliste finn ein på www.ardal.no/duatlon ETTER registret betaling. Etterpåmelding; mot ekstra påmeldingsavgift kr 100,- fram t.o.m. tysdag 16. mai kl. 18.00, dersom løpet ikkje er fullteikna. Vær tidleg ute med påmeldinga. Meld deg på no ! Sjå hovudsida www.ardal.no/duatlon for påmelding. For meir info, (overnatting, anna praktisk avklaring, med meir), ta kontakt med: Torstein E Kvam, Connexion Event, aardalaa@online.no eller mobil 95929393 Terje Solheim, ÅTIL, terje.solheim@mail.ardalsnett.no eller mobil 41607157 Startnummerhenting (aktive klassar): Startnummerutdeling for både Heirsnosi Duatlon og Heirsnosi Opp: På Øvre Årdal Torg v Sportshuset løpsdagen, laurdag 20. mai, frå kl. 10.00-13.00. Påbode med sekk frå start til mål ( må vege minst 2,5kg )!Løpet er ei kraftprøve, og alle deltakarane må ha sekk med minimum 2,5 kg på ryggen frå start til mål. Vekta blir kontrollert straks etter målpassering. Deltakarane må sjølve bære med seg kle og mat for turen (både opp og ned!). Det skal vere varme kle i sekken, for det kan vere kaldt på toppen ! Når deltakarane i Duatlon set frå seg sykkelen ved 400-meteren blir den passa godt på med godt vakthald til dei kjem ned frå Heirsnosi. Tøyet ditt blir sjølvsagt oppbevart saman med sykkelen. Racer- eller offroadsykkel på sykkeletappa i Duatlon ? det er ditt val ! Heile sykkeletappa går på asfalt. Frå Hjelle til Øvre Årdal er det flatt. Frå Øvre og til 400 meteren er det svært bratt stigning . Du klatrar over 400 høgdemeter på 5 km. Dersom du brukar racersykkel bør du ha testa om det lettaste giret er lett nok for deg til så lang og bratt stigning. Drikke- /matstasjonar: Det blir ingen drikkestasjon på sykkeletappa. Deltakarane får POWERADE energidrikke til å fylle på drikkeflaskene før start. Vår mentor, Anders Fortun (Fanaraaken Duatlon), nyttar deira erfaringar, og det tilseier at drikkeflaskene på sykkelen er meir enn nok til forbruket på sykkeletappa. Vidare blir det drikke/frukt på 400 metern, deretter drikke/frukt på 2 nye stasjonar mot toppen og endeleg ved målpassering. |
Klar for ny OPPTUR?
Er du klar for ein ny OPPTUR? Årdalstangen Idrettslag og Jotun IL inviterer til eit heilt nytt arrangement 20 mai. Heirsnosi Duathlon og Heirsnosi Opp er begge to fantastiske naturopplevingar. Duathlonkonkurransen er hard, medan Oppturen er noko meir human mot kroppen. Bilde er frå starten ved Hjellefossen.
Siste medlemssaker
Annonse