Marius Vedvik reiser til Jølster for å løpe fort på 5 km. Målet er å løpe under 14.00 kan Førdegutten røpe til Kondis.  

IMG_4527Jølster-tvillingene Knut Olav og Eivind Øygard løper hhv halvmaraton og 10km denne gang.   

IMG_4255.jpgBjørn Gjerde har fullført maratondistansen i Jølster hele 32 ganger. Han vant det første løpet, som ble arrangert i 1983 og gjentok bedriften ved 10-års jubileet  i 1992. 

IMG_4390.jpgHelge Hafsås har vunnet maraton hele 14 ganger i Jølster. Det er rekord.

IMG_4307.jpg
Inge Asbjørn Haugen løper sin maraton nr 546 på lørdag. 25 av disse har vært i Jølster

Pressemelding
JØLSTER MARATON
1. JULI 2017


Som vanleg:  Første laurdag i juli er det Jølster Maraton.   I år eit lite jubileum i og med at dette er 35 .gongen Jølster Maraton vert arrangert.  Med andre ord:  Dette er eit arrangement med lange tradisjonar!    

Tidleg på 1980-talet rulla ei ”joggebølje” innover Vest-Europa.  Som mykje anna kom denne frå USA.  I 1982 vart det første maratonløpet i Sogn og Fjordane arrangert, nemleg «Rett Vest» i Florø.  Året etter var det ein gjeng som fann ut at vi også i Jølster ville ha vårt maratonløp.  Slik vart Jølster Maraton ”fødd”.  3. juli 1983 stilte 52 deltakarar til start på dei 2 distansane; ½ maraton og heilmaraton. 

Samtidig med løpet vart det også arrangert sykkeltrim rundt Jølstravatnet.  Her var det ingen tidtaking, og dette vart fort eit populær aktivitet.  Deltakarantalet auka jamnt og trutt, og toppen vart nådd i 1991 då heile 900 personar deltok.  Utover 90-talet gjekk tal deltakarar tilbake både på løp og sykkel, men no er vi midt i ei ny «joggebølgje», noko også vi har merka og antal deltakarar er på veg oppatt igjen.

Vi har heile 4 distansar konkurranseløparane kan velje mellom:  Start heilmaraton er på Vassenden, og løparane spring inn til Sunde og snur der.  Dermed får dei sine 42195m som er den nøyaktige maratondistansen.  På dei andre distansane vert løparane frakta innover langs Jølstravatnet til dei ulike startane: Halvmaraton, 10km og 5km. 

I tillegg til desse har vi tilbud til mosjonistane.  Her er «miniton» populær.  Miniton  er 1/10 maraton (4,2km), eit løp uten tidtaking, og er mest populært mellom dei heilt unge.  Til slutt har vi sykkeltrimmen rundt Jølstravatnet som har sin, meir eller mindre, faste flokk deltakarar på ca. 150.  Her kan vi nemne at 7 av desse har vore med alle år!

Påmeldingane er på veg inn.  Så langt ser det lovande ut, og tal løparar som har meldt seg tyder på at vi får minst like mange som i fjor.  Då hadde vi nesten 400 deltakarar i konkurranse-løpa.   For Jølster Maraton er, og vil vere, eit løp for den jamne mann og kvinne.  Mange trufaste stiller i Jølster år etter år.  Svært mange frå Bergensområdet tek turen til Jølster, men her er påmelde frå resten av landet i tillegg til nokre utlendingar. 

Mannen som har flest gjennomførte maraton i Jølster - Bjørn Gjerde frå IL i BUL – er påmeldt også i år.  Han deltek for 33.gong. Han vann det 1. og 10. Jølster Maraton.  Mannen med flest maraton i Norge, Inge Asbjørn Haugen frå Hornindal IL kjem for å springe sitt 25.maraton.  Elles reknar vi med at han som har vunne flest maraton i Jølster - Helge Hafsås - stiller.  Han har vunne heilmaraton heile 14 gonger, og held framleis eit imponerande nivå i ein alder av 51 år.

Elles merkar vi oss at forfattar Gunnar Staalesen er tilbake for å springe sin 10. halvmaraton på Jølster, og sitt 50. halvmaraton totalt.  

 

PROGRAM
 

Fredag 30. juni

KL 18:00     Stemnekontoret opnar.  Utdeling av startnummer.  Lett servering.
 

Laurdag 1. juli

KL 09:00   Stemnekontoret opnar.

Utdeling av startnummer på Vassenden Skule.

Sykkelregistrèring opnar v/»Gjesthalla».

KL 10:00    Sykkelregistrering startar

KL 11:00     Start maraton Vassenden.

KL 12:00    Buss til start halvmaraton.

KL 13:00  Start miniton (4,2km) Vassenden. Utan tidtaking.

Start halvmaraton Sunde.

Buss til start 10km og 5km.

KL 13:30   (Ca.) første løpar i mål.

KL 13:45 Start 5km Strand.

KL 14:00  Start 10km Sandal.

KL 15:30  Premieutdeling.

KL 16:00  Sykkelregistrering slutt.

Div. aktivitetar i målområdet heile dagen.  Salsbodar m.m.

Startkontigent

Maraton: 500,-. Kondisrabatt: 80,- Ikkje lisens: + 50,- Tilsendt faktura: + 20,-

Halvmaraton: 350,-. Kondisrabatt: 80,- Ikkje lisens: + 50,- Tilsendt faktura: + 20,-

10Km: 250,-. Kondisrabatt: 40,- Ikkje lisens: + 30,- Tilsendt faktura: + 20,-

5Km: 150,-. Kondisrabatt: 40,- Ikkje lisens: +30,- Tilsendt faktura: + 20,-

5Km 12-15 år  100,-. Ikkje lisens: +30,- Tilsendt faktura: + 20,-

ETTERPÅMELDING:  Siste frist for påmelding er fredag 30.juni.  Etter dette vert startkontingenten heva slik: Maraton: +100,-.  Halvmaraton +70,-, 10 Km og 5 Km:  +50,-

Kontonummer for innbetaling av startkontigent: 3703.10.14884

OBS! Først når startkontigent er betalt vil ditt namn komme inn på lista «Deltakarar 2017«.

Trim:  Familie 200,-. Vaksne(o.15år): 80,-. Barn 50,-.

 

FLEIRÅRSPREMIAR: Etter 10-, 20- og 30-års deltaking får du fleirårspremie. Kan hentast ved registrering sykkeltrim.

 

NYTT AV ÅRET – Pengepremiar for løyperekord!

Maraton: 5000,-.  Halvmaraton: 4000,-.  10 km: 3000,-.  5 km: 2000,-
 

JØLSTER MARATON HISTORIKK: Pr. 1. jan 2016:

MARATON MENN:
1983: Bjørn Gjerde IL i BUL 2.34.35
1984: Fredrik Massand SP Vidar 2.34.09
1985: Svein Serigstad Bjerkreim IL 2.31.53
Joar Kvaase Kristiansand IF 2.31.53
1986: Erlend Åmot Høybr/Stovner 2.34.11
1987: Erlend Åmot Høybr/Stovner 2.31.44
1988: Åge Årdal Sørum IL 2.40.33
1989: Oddbjørn Lommundal IF Torodd 2.33.59
1990: Dag Tore Roe Dalekvam 2.42.40
1991: Oddvar Hausken Torvastad IL 2.34.08
1992: Bjørn Gjerde IL i BUL 2.45.02
1993: Leif Olav Uren Hallingdal FIK 2.32.45
1994: Leif Blom IL Skjergard 2.44.31
1995: Leif Blom IL Skjergard 2.39.25
1996: Helge Hafsås Olden IL 2.35.30
1997: Terje Hole Fræna FIK 2.22.19 (Rekord)
1998: Helge Hafsås Olden IL 2.31.28
1999: Helge Hafsås Olden IL 2.31.11
2000: Helge Hafsås Olden IL 2.37.01
2001: Helge Hafsås Olden IL 2.38.34
2002: Helge Hafsås Olden Il 2.40.39
2003: Jon Steinar Urne Ask IL 2.43.18
2004: Helge Hafsås Olden IL 2.31.52
2005: Helge Hafsås Olden IL 2.33.57
2006 Helge Hafsås Olden IL 2.30.22
2007: Svein Ove Risa Undheim IL 2.39.04
2008: Henrik Sandstad Steinkjer FIK 2.28.36
2009: Helge Hafsås Olden IL 2.40.33
2010: Helge Hafsås Olden IL 2.47.07
2011: Helge Hafsås Olden IL 2.42.47
2012: Helge Hafsås Olden IL 2.45.06
2013: Helge Hafsås Olden IL 2.39.49
2014: Terje Lyngstad Jølster IL 2.59.58
2015: Sverre Gunnar Brunstad Lørenskog FIL 2.42.52
2016: Knut Olav Øygard Jølster 2.47.03

MARATON KVINNER:
1985: Norunn Skildheim Sørum IL 3.17.17
1986: Turid Lied Norheimsund 3.06.32
1987: Anne Kristin Halse BFG Fana 3.36.01
1988:
1989:
1990: Turid Lied Norheimsund 3.17.00
1991: Aslaug Thingnes Bøe Markane IL 3.30.59
1992: Torill Kveberg Øystese IL 3.17.49
1993: Siv G. Barstad GTI 3.06.06
1994: Bjørg Sandvik Haukeland Syk. 3.51.53
1995: Torhild Kveberg Øystese IL 3.24.26
1996: Bjørg Sandvik Haukeland Syk. 3.22.36
1997: Irene Gulli Hallingdal FIK 2.48.59(Rek)
1998: Bjørg Sandvik Haukeland Syk. 3.18.20
1999: Britt Elin Birkeland Haukeland Syk. 3.33.45
2000: Hilde Mæhlum Vik IL 3.09.31
2001: Vibeche Nicolaisen Hornindal IL 3.58.47
2002: Hilde Mæhlum Vik Il 3.03.30
2003:
2004: Lise Lithun Statoil 3.41.27
2005: Edna Boge Leikvoll DNM Bergen 3.28.54
2006: Edna Boge Leikvoll DNM Bergen 3.33.35
2007: Anne Marie Heienberg BFG Fana 3.05.22
2008: Audhild Hestad Gaular IL 2.57.25
2009: Dorte Foss Raufoss IL 3.18.47
2010: Dorte Foss Raufoss IL 3.24.24
2011: Marie-Eve Mathieu Montreal (CAN) 3.52.44
2012: Solveig Midtun 3.38.14
2013: Malin Leikvoll SK Baune 3.28.57
2014: Karoline Holsen Kyte Førde IL 3:19:41
2015: Therese Falk Romerike Ultra 3.35.22
2016: Hilde Solland Plassen haugesund IL 3.09.57

HALVMARATON MENN:
1983: Bjarne Huseklepp IL Fri 1.10.11
1984: Bjarne Huseklepp IL Fri 1.07.50
1985: Tore Dag Lien Vestar 1.09.55
1986: Hans Petter Galtung Sandnes IL 1.10.14
1987: Ole Andrè Helgås NTHI 1.09.21
1988: Kjell Erik Sælen BFG Fana 1.08.08
1989: Kjell Erik Sælen BFG Fana 1.09.47
1990: Johannes Gjesdal Varegg IL 1.09.30
1991: Terje Bjørgum Aurland IL 1.15.46
1992: Terje Bjørgum Aurland IL 1.11.58
1993: Terje Bjørgum Aurland IL 1.12.02 - Kjetil Dyrevik FIL Vossar 1.12.02
1994: Terje Bjørgum Aurland IL 1.12.57
1995: Jon Hanestad Gausdal FIK 1.13.34
1996: Johannes Gjesdal Varegg IL 1.11.40
1997: Tom Roger Johansen Braathens BIL 1.13.10
1998: Frode S. Kalheim Gjesdal IL 1.12.39
1999:
2000: Torfinn Torp NLH 1.16.32
2001: Harald Simmenes Osterøy IL 1.20.05
2002: Torfinn Torp Vestby IL 1.17.00
2003: Dag Haugland Il Varegg 1.14.22
2004: Odd Rognebakke Tambarskjelvar 1.19.10
2005: Anders Torp Oppegård IL 1.16.50
2006: Leif Sægrov IL Molde Olymp 1.17.00
2007: Alemayehu Sitotaw IL Varegg 1.15.43
2008: Alemayehu Sitotaw IL Varegg 1.14.22
2009: Geir Nyland Årdalstangen IL 1.26.49
2010: Alexander Bjørvik IK Tjalve 1.16.44
2011: Alemayehu Sitotaw IL Varegg 1.12.49
2012: Mirza Nalic AKS-77 1:09:45
2013: Tore Dybdal Strindheim 1.14.57
2014: Mulugeta Zewde Norna-Salhus IL 1:06:57 (Rek)
2015: Tomas Windheim IL Gular 1.15.09
2016: Sigbjørn Reigstad Osterøy IL 1.22.47

HALVMARATON KVINNER:
1983: Kari Rønnestad Balestrand IL 1.39.05
1984: Anne M. Tråve Lærdal IL 1.27.07
1985: Anne M. Tråve Lærdal IL 1.25.27
1986: Anne M. Tråve Lærdal IL 1.24.46
1987: Oddrun Hovsengen Lillehammer 1.16.54
1988: Oddrun Hovsengen Lillehammer 1.18.34
1989: Oddrun Hovsengen Lillehammer 1.20.36
1990: Hilde Mæhlum Sogn FIK 1.24.28
1991: Anna M. Tråve IL Jotun 1.25.31
1992: Alvhilde Danche Oppegård 1.33.02
1993: Sigrid Renna FIL Vosssar 1.23.47
1994: Anne M. Tråve Hallingdal FIK 1.23.56
1995: Anne M. Tråve Hallingdal FIK 1.22.33
1996: Irene Gulli Hallingdal FIK 1.21.05
1997: Randi Kjøsnes Hellevik 1.31.01
1998: Anne M. Tråve Hallingdal FIK 1.24.13
1999: Bente Oestereich BFG Fana 1.25.05
2000: Kari Rønnestad Balestrand IL 1.33.22
2001: Hilde Mæhlum Vik IL 1.29.18
2002: Ingunn Eikrem Olsen Hasundgodt IL 1.39.24
2003: Audhild Hestad Gaular IL 1.29.37
2004: Hilde Mæhlum Vik IL 1.28.23
2005: Hilde Mæhlum Vik IL 1.32.39
2006: Kirsten Melkevik Otterbu BFG Fana 1.12.35 (Rek)
2007: Helene Pemmer IL Fri 1.23.19
2008: Helene Pemmer IL Fri 1.25.49
2009: Lena Aaberg Leira 1.36.43
2010: Audhild Hestad Gaular IL 1.25.37
2011: Audhild Hestad Gaular IL 1.23.55
2012: Audhild Hestad Gaular IL 1.24.32
2013: Eli Anne Dvergsdal IL Gular 1.29.53
2014: Audhild Hestad Gaular IL 1.24.24
2015: Annika Holland Hyllestad IL 1.33.46
2016: Mailinn Leikvold 1.35.19

Kondisreportasje 2016 : Øygard-dobbel i Jølster maraton
Kondisreportasje 2016 : Dvergsdal og Vedvik ladet opp til EM med Jølster maraton
Kondisreportasje 2015 : Sverre Gunnar Brunstad vant maraton i Jølster

JM-2017-logo.jpgKlikk på logo for løpets hjemmeside