Heil_Geir_Jensen.jpegGeir Jensen spring sin 100. maraton i Hornindal og for femte gong i Hornindalsvatnet Maraton.

Det blir endå meir spesielt med Signy. Ho er søstra til Jon Svein Henden som omkom i bilulukke på veg til eit løp i Bergen i 1991. Jon var den første som runda 100 maratonløp og er såleis skipar av 100-klubben. På dette viset blir Signy og Jon dei første søskena i klubben. Dei er fødde og oppvaksne i Hennebygda, ikkje så langt frå Hornindal. Dette blir heimebane for Signy !

Også i år er dette den andre store styrkeprøven i juli i Hornindal.

Hornindal Rundt vart arrangert no i helga. Hornindalsvatnet maraton blir i år arrangert for 26. gong (første løpet var i 1992).

Hornindalsvatnet maraton - heimeside

Som dei tre føregåande åra er løypa nesten fri for trafikk. Den går til den vesle bygda Otterdal i Hornindal. Bygda vart veglaus i 700 dagar etter "Dagmar". Vegen er bygd opp att med fast dekke og autovern. I hovudsak er det her den nye traseen for maratonløpet ligg. Både maraton, halvmaraton og 10 km går her.

​Meir informasjon finn du her. Information in english

NB ! Etterpåmeldingsgebyr etter 20. juli kr 200,-
PÅMELDING

PÅMELDE:  (blir oppdatert kvar dag)
Maraton
Halvmaraton
10 km
Minimaraton

Startnummerhenting i Honndalshallen ved Hornindal idrettspark

Samleside

VELKOMEN TIL HONNDALEN

Vi håpar på mange deltakarar og mykje publikum langs løypa.