13 - 15. oktober er det klart for NM i terrengløp lang løype. I år er det Vik idrettslag som arrangerer. Vik ligg på sørsida av Sognefjorden, midt på Vestlandet og er kjent for vakker natur, eit rikt kulturliv, allsidig næringsliv, og ikkje minst stor interesse for idrett.

Fredagen blir det inspirasjonskveld for aktive og publikum: Temaet  er "Draum vert verkeleg i idrett og næringsliv", med godt kvalifiserte innleiarar og samtalar med idrettsprofilar, arrangert i samarbeid med NRK.

Sjølve terrengløpa går laurdag 14. oktober, På søndag vert det diverse andre arrangement.

Alle som deltek vil få med seg ei helsing frå Vik. Ekstra fin gåve vert det til norgesmeistrane, Steimsringen, ein sølvring som er kopi av ein ring funnen i ei vikinggrav i bygda. 

Påmeldingsfristen for NM er tirsdag 10. oktober.

Heimesida til arrangementet: http://nmvik2017.no/

Du kjem enkelt til Vik via Vikafjellet, eller over ferjesambandet Hella-Vangsnes over Sognefjorden. Litt nøkkelinformasjon om transportlogistikk:

  • Bergen - Vik 170 km, ca 2,5 timar med bil. Oslo - Vik 385 km, Trondheim - Vik 465 km. 

  • Næraste flyplassar: Sogndal 70 km og Bergen lufthavn 170 km. 

  • Bussar frå Bergen, Trondheim. Lillehammer og Oslo korresponderer med bussar til Vik. 

  • Tog til Voss frå Bergen og Oslo. Voss -Vik 70 km over Vikafjellet.

  • Ekspressbåt frå Bergen til Vik, ein flott tur som trekkjer mykje turistar. Turen tek 3,5 timar.
     

Dronebilete Vik Stadion av Kjell Brekke.jpg

Løypene går i terrenget rundt Vik Stadion. Løypekarta ligg Foto: Kjell Brekke

NM-terrenglop-2017-lopskart.jpg

Bilete og løypekart i full oppløysning finn du på heimesida til arrangementet: http://nmvik2017.no/