Laurdag 5. oktober kl 14.00 går startskotet på Gloppen Halvmaraton.  Vi håpar og trur på god deltaking også i år, sidan vi reknar med at rykta om gode tider i ei kontrollmålt løype har nådd mange.

Er det nokon som ønskjer å starte ein 30 minutt før hovudfeltet, er det opna for det.  Kan vere aktuelt for dei som reknar med at dei vil nytte i overkant av to timar på turen. 

Garderobane er i Trivselshallen, dei er opne fram til kl 17.00.

Gloppen halvmaraton 2018
Det var Trude Eimhjellen og Bendik Grimsbø vann Gloppen halvmaraton i 2018. I fjor vart det sett mange årsbeste tider og personlege rekordar, og kan det bli mange nye gode tider i år.

Starten er i Sandane Sentrum (ved Idrettsplassen), og løypa går på RV615 langs Gloppefjorden, forbi Rygg, som ein passerer etter 7 km.  I og med at løypa går langs fjorden er den rimeleg flat, der høgste punktet er 12-15 m over havet. 

Bildet kan inneholde: himmel, fjell, utendørs og natur
Dette flotte bildet fra idrettsplassen med tittelen "freistande" la Dagfinn Nyhammer ut på løpets facebookside 2. oktober. Han skriver også: Dette biletet vart også plukka ut av Jon Smiths i 19-vermeldinga i kveld, og vist på TV.
 

Også i år:  
TRIMKLASSE, DISTANSE 10 KM.  START VED IDRETTSPLASSEN KL 13.30, VENDEPUNKT 400 m FORBI KYRKJA PÅ ARNESTAD.   
PÅMELDING FØR KL 13.00. 

NYTT I ÅR:  
MINI-HALVMARATON (2109 M) FOR 10-15 ÅR. DEN GÅR RUNDT BANA PÅ iDRETTSPLASSEN (5 RUNDAR + 109 m). Medaljer til alle, påmelding innan kl 13.30.

Halvmaraton: Arrangøren har fine premiar å by på, mellom anna overnatting med 3-rettarsmiddag for to på Gloppen Hotell! Elles er det mellom premiane kortreiste produkt frå Gloppen (fruktkassar, bærprodukt, kjøttprodukt, m.m.) og andre fine ting. Medalje til alle som fullfører!

Påmelding
NB: Påmeldingsfristen for påmelding via internett (påmeldingssystemet er forlenga, men frå torsdag kl 20.00 vert startkontingenten på halvmaraton auka til kr. 300,-

VELKOMNE TIL SANDANE, OG GLOPPEN HALVMARATON!

Løpets facebookside