Sjå også sida til Haugen IL

Over Brekka er eit mosjons-/landevegsløp delvis på den småkuperte grusvegen mot Brekka, og delvis på jamn, stigande skogsbilveg i Tippaskogen.

Nytt i 2016 var at løpet vart endra til ei rundløype med start på Tippabrua ved Harpefossen.  Løpet startar med stigning på vegen til Nakkesetra, og vidare skogsbilvegen mot aust, ca 3 km.  Ved Sevlandsetra er det unna til vegen, og småkupert og unna langs vegen attende til Harpefossen og i mål på same staden som før. Løypelengda vert om lag som før.

Haugen Idrettslag utfordrar alle som kan gå eller springe til å delta denne siste søndagen i august. Det vert som vanleg klasse både med- og utan tidtaking.

Oppmøte: Ved Harpefossen
Påmelding: Ved frammøte frå kl. 10.30-12.00, eller til Asgeir Bakke tlf. 957 59 627

Start: Klasser med tidtaking startar kl. 13.00. Klasse utan tidtaking kan starte når påmeldinga er i orden.

Klasseinndeling:

  1. J/G 13-16 år, K/M 17-29 år, K/M 30-39 år, K/M 40-49 år, K/M 50-59 år, K/M 60-69 år, K/M over 70 år
  2. Klasse utan tidtaking

Premiering:
Deltakarpremie - femårspremie, tiårspremie og tjueårspremie  + vanleg premiering i klasser med tidtaking.
Premieringa vil byggje vidare på deltaking på tidlegare løp over Brekka, sjølv om løypa er lagt om. 
Dessutan håpar vi at  handelstanden i Eid er rause med gåvepremiar som vert trekte ut på startnummer.

Premieutdeling: Varmestova på Harpefossen.

Startpengar:
Klasser med tidtaking: kr 100,-
Klasse utan tidtaking: kr 50,-  (familie kr 150,-)
Betaling ved påmelding eller til giro 3790 21 03253

Meir opplysningar finn du på Nordfjordkarusellen og på terminlista

Her er resultata for 2016

Stillinga i Nordfjordkarusellen