
Meir enn det ein kan forvente
Eit filmopptak frå EM terrengløp har gått viralt. Det er frå klasse menn junior der ein av favorittane, norske Abdullahi Dahir Rabi, segnar om i løypa nokså tidleg i løpet. Akkurat den episoden såg vi òg på TV-sendinga frå EM, men vi fekk ikkje sjå kva som skjedde etterpå.

Artikkelen står på trykk i Kondis nr. 1– 2023.
Dette er ein kommentar. Kommentaren gir uttrykk for skribenten si meining.
Det var at ein god del løparar passerte Rabi som vart liggjande i traseen. Ikkje rart tenkjer eg – dei hadde sitt løp å tenkje på, og det var flust med tilskodarar som stod langs løypa som kunne gripi inn og hjelpt Rabi om han trengte hjelp.
Slik tenkte imidlertid ikkje dei to av lagkameratane til Rabi da dei passerte og såg kva som hadde hendt. Både Vebjørn Hovdejord og Esten Hansen-Møllerud Hauen stansa og bar Rabi ut av traseen slik at han kunne få hjelp av støtteapparat og etter kvart medisinsk personale.
Medan Hovdejord og Hauen hjelpte lagkameraten, tikka sekunda fort, og før dei kom i gang igjen, hadde dei vorti passert av mange konkurrentar. Dei gav likevel ikkje opp løpet, og begge sprang seg gradvis oppover i feltet. Til sist vart Hauen nummer 7 og Hovdejord nummer 30. Kva slag plasseringar dei kunne fått utan «hjelpestansen», som ut frå filmen såg ut til å vare lengst for Hovdejord sin del, vil vi aldri få veta.
Men eg trur ikkje dei angrar. Det er i slike pressa situasjonar der ein ikkje har tid til å tenkje, men må handle meir på instinkt, at vårt sanne eg gjerne kjem fram.
Sjølv må eg vedgå at eg i konkurranse har sprungi forbi både folk og fe i naud, og eg vil på ingen måte laste dei som ikkje stansa. Det er fullt forståeleg at ein er så gira på sitt eige løp at ein ikkje let ei slik uventa hending forstyrre. Eller at ein tenkjer at det er ikkje noko eg kan gjera som dei som står og ser på ikkje kan få gjort. Iallfall om ein sjølv ikkje har førstehjelpskompetanse.
Og så er det likevel godt å sjå at nokon gjer meir enn det ein kan forvente. Som ofrar sitt eige løp for å gjera det vesle dei kan for å hjelpe ein lagkamerat som ligg nede.
Det vart ikkje nokon heiderspris til Vebjørn Hovdejord og Esten Hansen-Møllerud Hauen på Idrettsgallaen ein månad seinare. Men heider til dei begge frå denne kanten – for å ha mint oss på at det finst viktigare ting enn medaljar og gode plasseringar.