Oliver Hoare, Ossama Meslek og Samuel Philström var tre av dei som måtte springe den tunge ruta via oppsamlingsheat. Ingen av dei kom seg til finalen. Her ser vi dei i forsøket. (Foto: Geir-Owe Fredheim - Team Norway)
Oliver Hoare, Ossama Meslek og Samuel Philström var tre av dei som måtte springe den tunge ruta via oppsamlingsheat. Ingen av dei kom seg til finalen. Her ser vi dei i forsøket. (Foto: Geir-Owe Fredheim - Team Norway)

Oppsamlingsheat til mykje møye og lite glede

Nyvinninga i friidretten i OL i år var oppsamlingsheat etter forsøka på distansane frå 1500 m og nedover. Korleis slo ordninga ut for dei som kjempa om semifinaleplass?

Publisert Sist oppdatert
Vignett-kondiskommentaren.jpg

Dette er ein kommentar. Kommentaren gir uttrykk for skribenten si meining.

Det vart framstilt som at oppsamlingsheata gav dei som ikkje klarte å kvalifisere seg via forsøket, ein ny sjanse. Realiteten var at ein god del som normalt ville gått vidare frå forsøket, fekk meisterskapen øydelagt med å måtte springe eit løp meir enn dei andre.

Jo lengre distansen er, jo større ulempe er det å måtte springe eit løp ekstra. På kortsprint vil ikkje eit løp til eller frå spele like stor rolle.

Tre løp på tre dagar

På 1500 meteren i OL var det 45 løparar som sprang forsøksheat, fordelt på 3 heat med 15 løparar i kvart. Tradisjonelt ville 8 frå kvart heat gått vidare til dei 3 semifinaleheata som skulle bestå av 12 løparar. Dei 8 første i mål var med andre ord gode nok for semifinalen.

Men så hadde altså World Athletics funni på at berre dei seks beste skulle få semifinaleplass. Nummer sju og åtte måtte springe eit nytt løp – saman med dei andre ikkje-kvalifiserte – før dei var klare for semifinalen.

Det var i praksis omtrent det same som å ta ifrå dei sjansen til å nå finalen. Medan dei seks første hadde kviledag, fekk dei seks løparane som tok seg til semifinalen via oppsamlingsheatet, tre tøffe løp tre dagar på rad. Ingen av dei hadde nokon reell sjanse til å nå finalen.

Det ville dei hatt dersom World Athletics hadde lati dei 24 beste frå førsøket gå direkte vidare til semifinalen.

Poenget

Kva var poenget med å gjera det vanskeleg for dei seks siste som var gode nok for semifinale?

Sportsleg var det ganske så øydeleggjande å måtte springe løp tre dagar på rad. Dei seks mennene som kom til semifinale med oppsamlingsheat i beina, kom inn på åttande-, niande-, tiande, ellevte-, tolvte- og tolvteplass av tolv i semifinalen. Berre dei seks første i kvart heat gjekk til finalen.

Kommersielt kan eg heller ikkje skjønne at det var nokon stor suksess. Å sjå på eit oppsamlingsheat der folk spring livet av seg vel vetande om at dei vil vera sjanselause neste dag, er ikkje veldig spennande og god TV.

Idretten bør vera så rettferdig som mogleg. Når semifinalen – og finalen – går, så bør alle ha vori gjennom like mange løp for å komma dit. Skal ein ha med 24 løparar i ein semifinale, så slepp inn dei 24 beste frå forsøket, og ikkje la 6 av dei måtte springe ein utmattande omveg. Det vil gjera semifinalane både meir rettferdige og meir opne.

Eg vonar ordninga med oppsamlingsheat er sendt til skraphaugen i god tid før neste OL.

Runar Gilberg (f. 1965) er redaktør for bladet Kondis. Han har hovedfag fra Norges idrettshøgskole og har i en årrekke vært trener i Sportsklubben Vidar. Gilberg har vært med og arrangere Rallarvegsløpet, og han har sjøl løpt alt fra 800 m til ultraløp med 2.28.37 som bestetid på maraton.
Powered by Labrador CMS