Kondis har fått følgende melding fra Volda I Vinden IL.

Etter ein månad med varmt sommarvær var det uvant for dei 17 frammøtte å konkurrere i 10 grader og småregn. Likevel kunne vi notere mange gode tider i dag.

Det var to jubileum i dag - 75. utgåva av Rotevatnet rundt og ikkje minst; Marcus Kemp Vedeler deltok i sitt 50. løp, noko han feira med å løpe med crocs! og slips på under 30 minutt.

Leif Sægrov, Valldal, vann herreklassen med tida 22:24. Jan Endre Rise, Hareid, blei nummer to, like bak med tida 22:34 medan Steffen Andre Kråkenes kom på tredjeplassen med tida 23:07.
Anette Hauger vann kvinneklassa med tida 27:25.

Det blei delt ut tre premiar i dag. Anette Hauger fekk premie for 10 løp, Marcus Kemp Vedeler for 50 løp og Sindre Burås Sylte for 70 løp. Gratulerer!

Neste løp vert 7. juli kl. 12:00.

ROTEVATNET RUNDT – 75. LØP     16.jun.18
Resultat  
KVINNER  
18 - 29 år  
17   Elin Burås Sylte, Volda Trimklasse
   
30 - 39 år  
11   Anette Hauger, Volda 27:25
   
MENN  
Under 18 år  
  5   Daniel Auflem Eikås, Stryn 26:28
  7   Nikolai Dispen Lødemel, Markane 25:26
  8   Elias Dispen Lødemel, Markane 26:41
   
18 – 29 år  
13   Sindre Burås Sylte, Volda 27:32
   
30 – 39 år  
14   Leif Sægrov, Valldal 22:24
  1   Steffen Andre Kråkenes 23:07
  9   Øyvind Lødemel, Markane 25:06
   
40 – 49 år  
  2   Jan Endre Rise, Hareid 22:34
  6   Svein Arne Lødemel, Markane 23:35
50   Marcus Kemp Vedeler, 50 Cent  Crocs 29:49
   
50 – 59 år  
  4   Ulf Magne Eikås, Stryn 29:52
  3   Jørgen Clausen, Håvoll IL 29:59
16   Egil Koen, Melhus 47:36
   
60 – 69 år  
12   Per Sigvald Hoggen, VTI 28:28
15   Per Ernst Lundberg, 3H 47:36
   
70 – 79 år  
10   Knut Innselset, 3H 30:33

Foto: Elin Burås Sylte

startgruppe.jpg
Klare til start.

startnr 14.jpg
Leif Sægrov.

startnr 11.jpg
Anette Hauger.

premie.jpg
Det blei delt ut tre premiar i dag. Anette Hauger fekk premie for 10 løp, Marcus Kemp Vedeler for 50 løp og Sindre Burås Sylte for 70 løp. Gratulerer!