Syklister+i+fint+v%E6r+over+fjellet%21%21%21Lengst+til+venstre+sees+Wenche+Evertsen%2C+Ceres.Hun+vant+dameklassen+i+fjor+p%E5+ny+rekordtid%21%0D%0AFoto+%3A+Tor+Yttri
Syklister i fint vær over fjellet!!!Lengst til venstre sees Wenche Evertsen, Ceres.Hun vant dameklassen i fjor på ny rekordtid! Foto : Tor Yttri
Denne artikkelen er m.a. motivert av at arrangøren i år har innført eigne klassar for offroadsyklar etter råd frå Kondis. Sjå også ein fersk Artikkel som illustrerer behovet for eigne klassar for offroadsyklar. Sykkelrittet frå Lillehammer til Oslo som går laurdag 26. juni har over 350 deltakarar i offroadklassane . Då bør potensialet være stort i ”Lille Jotunheimen” der mange bratte og lange motbakkar , svingete utforkøyringar og høgdeskilnader på over 1000 meter passar svært bra for offroadsyklar. Frå starten i Lom stig løypa over 1000 høgdemeter opp til 1440 m.o.h. ved Fantesteinen. Over Sognefjellet har du eit praktfullt utsyn og vidsyn mot alle dei praktfulle fjelltoppane og tinderekkjene i Vest-Jotunheimen med Fanaråken , Skagastølstindane ( Storen 2403 moh ) mfl.. Nyt synet før du tek fatt på¨utforkøringa . Då bør du være 100% fokusert på vegen og oppbremsinga før alle 180 graders svingane. Det er 1440 høgdemeter ”fritt fall” forbi Turtagrø der starten går for motbakkeløpet Turtagrø – Fanaråken Opp og vidare ned til Skjolden ved Lustrafjorden, der starten går for Fanaråken Duatlon 21. august. (Fanaråken) Her er du så langt inn det er mogeleg å kome i Sognefjorden - Verdas lengste fjord.
Foto+%3A+Tor+Yttri
Foto : Tor Yttri
Deretter svingar løypa seg på smale vegar med kun ei køyrebane , slik dei var for 50 år sidan, utover langs Lustrafjorden. Her er føljebilar og privat langing av drikke og mat bannlyst !
Arrangøren skal ha ros og honnør for at dei i klar tekst understrekar at føljebilar og langing
av mat, drikke m.m. ikkje er lov under rittet og at alle som bryt denne viktige regelen blir diskvalifisert.


”Det er ikkje lov å motta langing (mat, drikke, etc.) frå vegkant eller frå bil i fart. Tryggleiken for deltakarane og andre trafikkantar vert prioritert høgt. Langing ser vi på som trafikkfarleg avdi det fører til forbikøyringar. Det er aukande interesse for rittet, og sterkt ynskje frå deltakarane om å handheve dette prinsippet. Rytter som mottek langing blir diskvalifisert.”

Som nyfrelst syklist synest eg at det er gøy å konkurrere med andre på like vilkår og at det flott at alle blir behandla likt.
Foto+%3A+Tor+Yttri
Foto : Tor Yttri
Som fjelløpar og maratonløpar har eg tidlegare løpt over Sognefjellet både frå Bøvertun til Skjolden og andre vegen frå Fortun til Røysheim. Laudag 10. juli ser eg med stor forventning fram til min fyrste sykkeltur over Sognefjellet. Finst det ein meir praktfull og spektakulær sykkeltur for ein som set stor pris på store naturopplevingar i hjarta av det norske fjord og fjellandskapet ? ( Det norske fjordlandskapet som nettopp er rangert som nr. 1 i verda i ei omfattande global undersøking av dei 115 mest kjente reisemåla i verda ! , publisert av National Geographics magasin Traveller ( mars 2004) )

Er du i målområdet i Sogndal 10. juli håpar eg å kunne gje deg mitt svar før kl. 18.00 ! Starten går kl. 12.00 for offroadklassane og kl. 13.00 for dei som brukar racersyklar. Bli med du også !
I fjor deltok 169. I år bør det det bli mange fleire !