Suksess på første forsøk. Full maraton og fyrste nautiske maraton i verda: 4 ganger ein nautisk mil á 1852 m = 7769 m. Veldig originalt.

Om lag 65 mennesker bur på denne øya langt ute vest i havgapet. Men arrangera maraton `det kan dei.

Eventyr?
Ja, for dette var eit sprøtt påfunn. Knapt 2 km med veg og så arrangere full maraton. Temmeleg sprøtt påfunn. Men dette vart ei oppleving for vel hundre born, ungdommar og vaksne.
22 starta på full maraton - og alle fullførte i det strålande veret. Sol, fleire og 20 gradar og vindstille gjorde full maraton til ei skikkeleg kraftprøve. Ti rundar à 4219.5 m i ei krevande løype på asfalt og gras.

Helge Jordal framførte Terje Vigen
I samband med premieutdelinga hadde arrangøren Møkster Bu hyrt inn Helge Jordal til å framføra Henrik Ibsen sitt vidgjetne dikt om Terje Vigen som rodde til Danmark frå Grimstad for å kjøpa korn og få det gjennom den engelske blokaden i 1814. Det var ei mektig oppleving å høyra ein dei største skodespelarane i Noreg framføra dette verket til musikk av Eivind Bøksle. Ein glimrande lydteknikar gjorde dette fullkome. Ein kunne sjølvsagt reist til idylliske Møkster berre for denne fantastiske hendinga nede på stranden. Opninga var genial då Terje Vigen, alias  Helge Jordal kom fossroande inn vika i ein ordentleg oselvar.


Møtt av velkomstkomite på kaien - og så rett opp til varm velkomst og god informasjon på Møkster skule.


Resultater
maraton menn:

Startnr. Deltager TID Klasse menn
Klasse - 19      
2 Nesse, Håvard 03:45:22 0 - 19
Klasse 20-29      
5 Møgster, Knut Halvor 03:37:12 20 - 29
Klasse 30-39      
8 Taranger, Bjørn Tore 03:04:18 30 - 39
6 Wåge Møgster, Oddgeir 04:22:59 30 - 39
11 Møgster, Alf Helge 05:46:09 30 - 39
17 Utkilen, Morten 06:06:40 30 - 39
Klasse 40-49      
13 Johansen, Frode 03:16:26 40 - 49
22 Tveit, Odd Gunnar 03:24:34 40 - 49
1 Pålsson, Bruno 03:29:45 40 - 49
7 Tubaas, Peter 03:38:02 40 - 49
16 solhaug, sverre 04:34:55 40 - 49
14 Lund, Allan 04:49:52 40 - 49
Klasse 50-59      
15 Vaage, Gunnar 03:29:34 50 - 59
9 Weydahl, Jon 04:21:04 50 - 59
10 Haugen, Inge Asbjørn 04:22:16 50 - 59
12 Polden, Sveinung 04:26:59 50 - 59
21 Gaupås, Alf 04:33:24 50 - 59
Klasse 70-79      
19 Berntsen, Hans Jacob 06:50:00 70 - 79
       


Resultater
maraton kvinner_

Startnr. Deltager TID Klasse kvinner
Klasse 20-29      
4 Troland, Mariel 04:33:17 20-29 
18 Mehus Sunde, Anette 04:49:00 20-29
Klasse 40-49 år      
  Ragnhild Audestad 04:11:44 40-49
Klasse 50-59      
20 Birkeland, Brit Elin 06:50:00 50-59
       


Resultater frå ei natutisk maraton er so langt ikkje mottatt.


Nr 19, Hans Jakob Berntsen med sin maraton nr 282. Han har fått operert inn hjartestartar - men utruleg nok klarte han å fullføra nok eit maraton i fin stil.


Velkomen til Møkster Maraton. Alt frå hurtigbåtkaien følte folk seg velkomne i dette eventyrlege øyrike.


Over tretti ungar var samla til start i det aller fyrste Møkster Maraton

Lars Henning med velfortent medalje etter ein voldsomt flott spurt.
Lars Henning Møgster med ein velfortent medalje etter ein av dei flottaste spurtane.


Også dei små var med frå starten.



Alle fekk diplom av Tang og Tare-prinsessa. Tuva, Jean, Vilde og alle dei andre stilte fint i kø.


Flott kafé og lotteri. Her hjelper sjølvaste Helge Jordal til med trekkinga av lotteriet.