Lars Krogsveen
Lars Krogsveen

10års-jubileum for NM motbakkeløp i Hovlandsnuten Opp 14. juni

Publisert Sist oppdatert

Det er i år 10 år sidan det fyrste NM i motbakkeløp vart arrangert i Skåla 1848m rett opp i Loen. For fyrste gong er i år NM lagd til Rogaland når arrangøren IL Ny Von laurdag inviterer til NM i Hovlandsnuten Opp i Sauda. Alle dei ni fyrste NM har vore arrangert i dei tre Vestlands-fylka Sogn og Fjordane, Møre og Romsdal og Hordaland. Neste år blir NM for fyrste gong lagt til Austlandet når Skuggenatten Opp i Treungen i Telemark blir NM-arena.

Årets NM i Hovlandsnuten Opp er som tidlegare år i tillegg til NM senior også NM i motbakkeløp for junior og veteraner. Arrangøren melder til Kondis.no at det blir topp deltaking i den 5,6km lange løypa med 921m stigning.

Fjorårets vinnarar av NM i motbakkeløp, Kirsten Maraton Melkevik og Thorbjørn Thorsen Ludvigsen stiller som favorittar, men dei får knallhard konkurranse frå m.a. Heidi Weng, Torstein Tengsareid (fjorårets Norgescup vinnar), Johan Bugge, Stian Hovind-Angermund, Øyvind Heiberg Sundby og mange andre, mellom dei fleire topp langrennsløparar og skiskyttarar.

Hovlandsnuten Opp inngår også i NECON motbakkecup

For meir info om Hovlandsnuten Opp med løpsinfo, deltakarliste m.m. sjå heimesida www.hovlandsnuten.no , evt kontakt løpsleiar Per Inge Fjellheim PerInge.Fjellheim@statkraft.com , Tel 480 35 022

Powered by Labrador CMS